Kjell Inges Julelegender-kalender til binsjing!

Gjennom heile desember i 2023 kan du kvar dag få fortsetjinga på den aller fyrste teksten eg fortalde: Legenden om Julerosene av Selma Lagerlöf. Eller du kan binsje alt i eige tempo.

Forestillingen "Julelegender" blei til nokre mørke desemberkveldar i Bispekapellet ved Stavanger Domkirke, i det Herrens år 2009. Nå ligg han ute på YouTube - i vente av at Bispekapellet igjen skal åpne for folk flest, og ikkje berre heldige arkitektar som pusser opp. :-)

Følg "Kjell Inges Julelegender-kalender" gjennom heile desember på YOUTUBE.

Tusen-og-tjuefire takk til Fabel Media v/ Dani & Co for filming, redigering og stort engasjement.

Selma Lagerlöf

Eg fann denne teksten skjult mellom gamle pergamentrullar og papyrus i arkivet til Stavanger bibliotek, skriven på 1911-dansk. Eg omsette og forkorta han litt før eg las han opp for folk og sette musikk til, saman med Aril Schøld. «Julerosene» er skriven av sjølvaste Selma Lagerlöf, nobelprisvinnar i litteratur. Ein kan ikkje velje puslete tekstar når me starter på noko stort. Tidsmessig er historia plassert i Sverige på 1100-talet.

Høyr også musikken

Og her kan du høyre musikken frå musikkalbumet "Julelegender":

Meir i kategorien aktuelt