Heim

Musikar • Stemme

Meny
  • Heim
  • Musikk (meir)
  • Stemme (meir)
  • Anmeldingar
  • Kalender
  • Aktuelt
  • Media
  • Kontakt/Booking

Singel: Eg fant ein ring (2017)

4. august blei singelen "Eg fant ein ring" sluppe. Både NRK P1 og Ordentlig Radio la han inn på sine spelelister.

Singelcover Eg fant ein ring • Design: tilfellet.torgersen as • Foto: Morten Berentsen
Singelcover Eg fant ein ring • Design: tilfellet.torgersen as • Foto: Morten Berentsen
21.08.2017

Eg fant ein ring fortel om ei av desse små hendingane i livet, ei tilfeldigheit, berre, som plutseleg set heile tilværelsen i relieff. 

Og slik historia blir folda ut, er óg tilverkinga av sjølve songen eit puslespel. Både Odd Ragnar Waade og Kjell Reianes har små aksjer i låta, i tillegg til produsentane Ruben Dalen og Stian S. Hansen (Dal'hansen).

Eit riff frå litt gitarleik ein ettermiddag hos Kjell Reianes sådde eit lite frø i Kjell Inge, og han lot ideen gro og tok han med seg til Oslo for å jobbe ut inspirasjonen til ei ny låt i samarbeid med Dal'hansen-gutta. Vel heime igjen, spelte han resultatet for Waade, som gjennom si analytiske tilnærming utfordra Kjell Inge til å bearbeide låta endå litt meir, med konkrete innspel. Meir knaing, meir elting, meir pønsking.

Og så var låta klar.

Ekstra stas var det at NRK P1 la låta inn på spelelista si frå 4. september 2017, fyrst B-liste – og så rykka den opp til A-liste frå 18.9.2017!

Du kan lese om heile albumet, og finne teksten til songen, her.

Høyr han her:

Anna aktuelt

  • Kjell Inge leser Kielland
  • Singel: Kan 'kje finna fingen (2019)
  • Konferansier og tekstformidlar
  • Julelegender er tilbake!
  • Amor Fati i singelversjon

Kontakt/Booking

Booking: post@kjellingetorgersen.no / +47 900 70 619

Meld deg på e-postlista Kjell Inge Torgersens brev her.

Kjell Inge på Facebook

Offisiell side for sanger, tekstforfattar og låtskrivar Kjell Inge Torgersen.

Kjell Inge på Spotify

Til toppen av sida ∴ Design & utvikling Sømme

© 2019 Kjell Inge Torgersen - Logg in