Julelegender:2015 – i Kulturkirken Skåre

>> eller ring tlf. 51 53 70 00.


For fyrste gong inviterer Kjell Inge Torgersen til si kritikarroste forestilling i kulturkyrkja Skåre i Haugesund.

Julelegender er noko meir enn ein vanleg julekonsert. Julelegender er ein stad å senke skuldrene, ta med familie og vener for å høyre både ei god historie og ny og kjend musikk som høyrer jula til. Du opplever nærmast ei visuell lydbok.

«BEFRIENDE JULESTUND»

Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei ei «befriende julestund» med «dristige tolkningar». Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar.

Kulturkyrkja Skåre tar 300 gjester og er ei trekyrkje med utsøkt akustikk. Conventor produserer lys og lyd.

MUSIKARANE

Gitarist og arrangør Aril Schøld leier eit opplagt ensemble, med Bjarte Mo frå SSO + "Asgeir & Mo", samt multimusikaren Karl-Dag Kjosavik på kontrabass, tangentar og kor. Torgersen er på vokal og tekst.

BILLETTAR

Kr. 280,- + avgift, hos BILLETTPORTALEN
tlf. 5153 7000 eller på billettkontoret i konserthuset.
Billettar kan òg kjøpast ved inngangen, viss det er ledig.

Bilete

Julelegender:2015 – i Kulturkirken Skåre, Haugesund
Julelegender:2015 – i Kulturkirken Skåre, Haugesund