Heim

Musikar • Stemme

Meny
  • Heim
  • Musikk (meir)
  • Stemme (meir)
  • Anmeldingar
  • Kalender
  • Aktuelt
  • Media
  • Kontakt/Booking

Julelegender:2016 - mandag 19.12. kl. 21

19. og 20. desember 2016 inviterer Kjell Inge Torgersen til nye Julelegender – ei skuldersenkande og annleis juleoppleving. I år åpnar dei eit eventyrslott midt i byens funkisbetong – "Bethel" på Løkkeveien i Stavanger, med utsøkt akustikk og spesiell arkitektur. Gitarist og arrangør Aril Schøld og Dag Sindre Vagle på fløyter, gitarar og song står for dei musikalske legendene.

01.11.2016
19 des 2016 - 21:00

Billett

>> eller ring tlf. 51 53 70 00.

--

Gjenhøyr med Julerosene

Fyrste Julelegender i 2009 blei spelt over "Legenden om Julerosene" av Selma Lagerlöf, i ny omsetjing og bearbeiding av Torgersen. Sidan 2009 har mange andre legender blitt fortald – men då mange ønskjer det, gjenopplever me i år magien i forteljinga til Selma Lagerlöf.

...på ein ny stad!

I år inviterer me til ein nesten ukjend konsertstad for mange stavangerfolk – den litt gløymte «Bethel». Like bak Stavanger Svømmehall, midt på Løkkeveien ligg dette eventyrslottet og lokkar med sin spesielle arkitektur. Bethel tar 200 gjester per forestilling og har utsøkt akustikk.

«Befriende julestund»

Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei ei "befriende julestund" med "dristige tolkninger". Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar.

Moster Amfi seier: «Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar – og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant.»

Julelegender har blitt ein tradisjon for mange – og er noko meir enn ein vanleg julekonsert. Familie og vener får her høyre både ei god historie, og ny og kjend musikk som høyrer jula til – som i eit visuelt radioteater.

Forestillinga er eit samarbeid mellom tilfellet.torgersen as og LIFESOUND.

Velkommen til årets Julelegender!

 

Billettar

Kr. 280,- + avgift, hos BILLETTPORTALEN

tlf. 5153 7000, eller på billettkontoret i Stavanger konserthus.

Billettar kan òg kjøpast ved inngangen, viss det er ledig.

 

 

Nedlastingar: 

Julelegender:2016 • foto Morten Berentsen • design Ivar Oftedal
Julelegender:2016 • foto Morten Berentsen • design Ivar Oftedal

Løkkeveien 59

59 Løkkeveien
Stavanger 
Latitude: 58.970200
Longitude: 5.725980

Fleire hendingar

  • Premiere "Rogahits"
  • Julelegender 2019 - 17., 18. og 19. desember
  • Konsert med kor på Hundvåg
  • Song på Ettervernkonferansen
  • Song for Norsk sykepleierforening: "Sol gjennom sky"
  • Stafett for livet – song på arrangement i regi av Kreftforeningen
  • Konferansier og konsert: Pårørendesenteret 20 år!
  • Lukka arrangement
  • Last fleire

Kontakt/Booking

Booking: post@kjellingetorgersen.no / +47 900 70 619

Meld deg på e-postlista Kjell Inge Torgersens brev her.

Kjell Inge på Facebook

Offisiell side for sanger, tekstforfattar og låtskrivar Kjell Inge Torgersen.

Kjell Inge på Spotify

Til toppen av sida ∴ Design & utvikling Sømme

© 2019 Kjell Inge Torgersen - Logg in