Konsertar i Nablus

Festivalen går av stabelen i Nablus 25. april til 2. mai. (http://www.nablusfestival.org). Venskapsbyen Lille planlegger òg å stille med ein delegasjon, og mange andre internasjonale har meldt si deltaking. Kjell Inge Torgersen har tidlegare spelt med ein oud-spelar frå Nablus, Jameel Sayeh, og han ønskjer sterkt å besøke Nablus. Songar og komponist Liv Runesdatter og fotograf Signe Urdal reiser også, og saman dei skal halde konsertar og utstilling i området. Foreninga har fått stønad frå Stavanger kommune til deltaking på festivalen.