Releasekonsert • Spinneriet / Hjelmeland

Kom til Spinneriet! Kjell Inge har spelt her tidlegare med andre prosjekt, men denne gong tar han med seg eit fullt band med fabelaktige musikarar – og dei speler heile det nye albumet hans.

På scenen

Ruben Dalen – trommer
Stian S. Hansen – bass
Vidar Schanche – gitarar
Erlend Wold – tangentar

På plata denne gongen samarbeider Kit med produsentduoen Dal'hansen, og saman har dei skapt eit nytt lydunivers, i ein frapperende miks av det akustiske og elektroniske. Tekstane er alltid viktige – og alltid på norsk. Det handlar om det store og det vesle, om lengt, kjærleik, eksistens, om det korte stykket me finst, innimellom uendelegheitene. To tekstar er óg signert diktarhøvding André Bjerke.

Og tittelen? Tjernet i skogen lokkar og skjuler løyndomar. Det er som i liva våre: nokre gonger virvlast det gamle opp fra botnen, me arbeider oss gjennom det – og lyset som då skjærer gjennom det fallande mudderet er vakrare enn nokon gong.

BILLETTAR

Billettar kjøper du hos Linticket.

Singel lista på NRK P1

Singelen Samme Sol frå det nye albumet hans blei lista av NRK i vår. Du kan sjå musikkvideo her: Sjå video til SAMME SOL her.

Albumet "Mudderlys"

På det nye albumet sitt samarbeider Kjell Inge Torgersen (Kit) med produsentduoen Dal'hansen, og saman har dei skapt eit nytt lydunivers for Kit, i ein frapperende miks av det akustiske og elektroniske. Tekstane er alltid viktige for Kit – og alltid på norsk. Det handler om det store og det vesle, om lengt, kjærleik, eksistens, om det korte stykket me finst, innimellom uendelegheitene. To tekstar er óg signert diktarhøvding André Bjerke.

Fysisk utgjeving

Kjell Inge gjer ikke berre ut elektronisk, han likar å halde musikken mellom hendene. Difor: CD – med teksthefte! På konserten vil bli sjanse for å skaffe seg signerte spesialutgaver av albumet, faktisk dagen før sjølve utgjevinga.

Og tittelen? 

Tjernet i skogen lokkar –og skjuler løyndomar. Det er som i liva våre: nokre gonger virvlast det gamle opp fra botnen, me arbeider oss gjennom det – og lyset som då skjærer gjennom det fallande mudderet er vakrare enn nokon gong.

Bilete

Omslag til Mudderlys. Foto: Morten Berentsen. Design: tilfellet.torgersen as
Omslag til Mudderlys. Foto: Morten Berentsen. Design: tilfellet.torgersen as