Aks av gull - i symfoni

Saman med Stavanger symfoniorkester feira Kjell Inge Torgersen 15-årsjubileet til "Aks av gull". Det blei til to storslåtte konsertar i Stavanger konserthus – som blei tatt opp og utgjeve på album og som konsertvideoar.

Nedst finn du konsertvideoar.

Alle tekstar er signert Kjell Inge Torgersen. Grunnarrangement: Aril Schøld. Orkesterarrangement: sjå dei einskilde låtane. Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Kjell A. Westby. Utgjeve: daWorks (2021).

Innspeling og miksing

Albumet blei innspelt live i Stavanger konserthus to fine dagar under pandemi og villskap, mai 2021, med Øivind Grong som lydteknikar – og publikum i salen. Miks blei gjort av Kjell A. Westby på Randaberg dei følgjande månadane. Mastering: Morgan Nicolaysen hos Propeller Mastering.

I tillegg til Stavanger symfoniorkester, speler gitarist Aril Schøld og bassist Karl-Dag Kjosavik, som også korar.

Innhald

Norske titlar med engelske originaltitlar i parentes.

  1. Hjarta i mitt bryst (Shape of my heart)
  2. Tidevatn (All this time)
  3. Andedrag (Every breath you take)
  4. Skjøre (Fragile)
  5. Mitt hovud hang (I hung my head)

 

Tekstar

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn, verken analogt eller digitalt.

 

Hjarta i mitt bryst

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting / Dominic Miller. Orkesterarr.: Eirik Berge.

Han gir ut kort. Det er ein meditasjon.
Og ingen her lyftar eit bryn.
Han spelar ikkje for pengar han vinn.
Han vil ikkje ver’ eit syn.

Han del’ ut kort for å finna svaret
på slumpens mystiske spel,
på løynde lovar om sannsynlege utfall,
tala har si eiga sjel.

Eg veit at ein spar er eit sverd for soldatar,
eg veit kløverblom gir lukke i slag,
eg veit at ruter er som dyr ametyst,
men slik er ikkje hjarta i mitt bryst.

Han kan spela knekt i ruter,
han kan leggja dronning i spar,
og han kan skjula ein konge i handa
så dei gløymer det han har.

Eg veit at ein spar er eit sverd for soldatar,
eg veit kløverblom gir lukke i slag,
eg veit at ruter er som dyr ametyst,
men slik er ikkje hjarta i mitt bryst.
Slik er ikkje hjarta…
…hjarta i mitt bryst.

Og om eg sa deg at eg elska
ville du kanskje ta på vei.
Eg er ikkje den som skjuler meg bak masker.
Eg ber nå berre ei.

Dei som pratar, skjønar lite,
og det kostar dei dyrt.
Det er som lagnadsrop overalt kor folk vandrar,
og livet blir av frykta gjennomsyrt.

Eg veit at ein spar er eit sverd for soldatar,
eg veit kløverblom gir lukke i slag,
eg veit at ruter er som dyr ametyst,
men slik er ikkje hjarta i mitt bryst.

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn, verken analogt eller digitalt.

 

Tidevatn

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Orkesterarr.: Aril Schøld

Eg kikka ut over Vågen i dag.
Eg såg eit tårn gjennom skodda
ruva over byen vår, der kor duene rår.
Eg såg dei trøtte bryggarhestane lunta heim i neonlys,
det var to prestar på ei ferja og svaner i Vågen utan vintergys.

Og tidevatn
går opp og ned,
uendeleg,
i all slags vêr.

To prestar kom ned til oss i kveld.
Det var ein ung og ein gamal
for å be for døyande, og gje den siste olja vel.
Både lærar og elev skulle læra kaldvindens veg.
Å, dei olstra og dei flaug med kjortelty,
skal tru denne kråka vil drepa meg?

Og tidevatn
går opp og ned,
uendeleg,
i all slags vêr.

Om eg fekk det som eg ville,
tok eg båten ut,
og gav den gamle
hans siste kvila der.

”Velsigna er dei fattige, for dei skal arve jorda.
Betre å vera fattig enn feit og sitta fast i nålauga.”
Då desse orda falt den kvelden, høyrte eg den gamle lo:
”Kva er så bra med ei oppbrukt verd, og korfor skulle eg vilja ha ho?”

Og tidevatnet gjekk
opp og ned,
uendeleg,
som andedrag.
Og tidevatnet gjekk
opp og ned.
Høyr, prest, viss Jesus er til
så korfor har han ’kje budd her?

På skolen sa dei at vikingane samla seg her.
I store drageskip, med småkongar
og blod og sverd i hand og kledde i lær.
Dei levde og døydde, dei blota til Odin og Tor,
men fekk aldri eit svar.
Og stormakta forvitra, til alt som var igjen
var det jarnet som rusta tok.

Og tidevatnet gjekk
opp og ned,
mens sola sank
i nordishav.
Om eg fekk det som eg ville,
tok eg båten ut.
Me blir galne når me samlast
og me blir berre betre
ein og ein,
ein og ein og ein,
ein og ein,
ein og ein.

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn, verken analogt eller digitalt.

 

Andedrag

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Orkesterarr.: Eirik Berge.

For kvart eit andedrag,
for kvart eit hjarteslag,
kvart eit band du bryt,
hjartepil du skyt
– vil eg vakta deg.

For kvar ein soloppgong,
for kvar ei lygetrong,
kvart eit spel på gong,
kvar ein nattesong
– vil eg vakta deg.

For berre du
er mi eine, du.
Eg er smerta vár
for kvart eit steg du tar.

For kvart eit hofteskot,
for kvart eit lovnadsbrot,
kvar falsk latterlåt,
krav du seier er vårt
– vil eg vakta deg.

Då du gjekk, stod eg att utan eit ord.
Eg drøymer natt etter natt om dine andletsspor.
Eg vil leita, men eg skjønar ikkje kor.
Eg er så kald, og eg lengtar til di jord.
Høyr kor eg ber deg, ber deg, høyr meg,
høyr…

For berre du
er mi eine, du.
Eg kjenner smertejag
med dine andedrag.

Kvart eit ord som fell,
kvart eit ord du held,
for kvart andedrag,
kvart bylgjeslag
– vil eg vakta deg.

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn, verken analogt eller digitalt.

 

Skjøre

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Orkesterarr.: Eirik Berge.

Om blodet flyt, når kjøt og stål blir eitt
og speglar seg i solefall, i ei steinur, heitt.
Så kjem det regn og vaskar væta bort,
men alltid ligg det litt igjen i oss.

Ja, kanskje denne handlinga
skulle slå fast gamle sanningar: 
– at aldri kjem det godt or vald,
nei, aldri i noko fall.
For dei som bur utan lykkestjerna nær
er eg redd me gløymer kor skjøre me er.

Regnet fell uendeleg,
som tårer frå der
kor stjernene er.
Regnet seier om igjen
kor skjøre me er,
kor skjøre me er.

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn, verken analogt eller digitalt.

 

Mitt hovud hang

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Orkesterarr.: Aleksander Sinding-Larsen Waaktaar

Ein morgon med litt tid
å slå i hel;
eg lånte Pers rifla
og sette meg til.
Frå åsen var hesten
og ryttaren som i bur,
når eg kikka gjennom
mitt sikteskur.
Men Pers rifla gjekk av
der inni mi hand,
og skotet klang ut
over det ganske land.
Og hesten, han trava
– mens ryttaren slang.

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

Eg sette av garde,
eg rømte derfrå.
Bror min si rifla
forsvann i ei å.
Eg fortsette spranget,
til hav og til sand,
det var der dei fann meg,
mitt hovud i hand.
Og lensmannen spurte
om korfor eg sprang,
då kom det til meg
kva eg sette i gang,
slik heilt utan meining,
ein blybete,
eit pang.

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

Og så settast retten,
men ikkje alle får stol.
Høgt oppe sit domaren,
han skin som ei sol.
”Forklar no for retten
kva du tenkte på,
og så spør me juryen
kva dei seier så.”
Eg sa: ”Eg kjente makta
til mannen med ljå,
ei enke med farlause
born gjorde eg då.
Eg ber om tilgjeving,
men har ’kje slik rang.”

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

Ein morgon med litt tid
å slå i hel.
Eg fryktar galgen
på åsen blir fæl.
Men bakanfor åsen
– ei synkverving tru?
Eg ser hest og ryttar
ri over vår bru.
Han kjem for ta meg
med til der han bur,
og me skal ri saman
til Gud gjør retur.
Eg ber om Guds nåde
– og at reipet er langt.

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.