

Aks av gull – i symfoni! I 2006 spelte Kjell Inge inn "Aks av gull" på Utstein kloster saman med eit ensemble på fem personar og ein teknikar. 15 år seinare gjer han det igjen, men denne gongen i Stavanger Konserthus – og med over 70 musikarar på scenen. Og Aftenbladet er begeistra.
Nedst finn du konsertvideoar.
Alle tekstar er signert Kjell Inge Torgersen. Det inkluderer den heilt nye "Hjarta i mitt bryst" (Shape of my heart) som blei skriven til denne konserten.
Grunnarrangement: Aril Schøld. Orkesterarrangement: sjå dei einskilde låtane. Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Kjell A. Westby. Utgjeve av daWorks (nov. 2021).
Albumet blei innspelt live i Stavanger konserthus to fine dagar under pandemi og villskap, mai 2021, med Øivind Grong som lydteknikar – og publikum i salen. Miks blei gjort av Kjell A. Westby på Randaberg dei følgjande månadane. Mastering: Morgan Nicolaysen hos Propeller Mastering.
I tillegg til Stavanger symfoniorkester, speler gitarist Aril Schøld og bassist Karl-Dag Kjosavik, som også korar.
Virkelig flott!
(Aftenbladet)
«Kjell Inge Torgersens symfoniske utgave av Sting på nynorsk er virkelig flott» skreiv Stavanger Aftenblad i omtale og anmelding 19. november 2021. Vidare skriv dei: «Stemmen, orkesteret, materialet – alt henger ypperlig sammen og flyter sammen i den nødvendige enheten.», og terningen landa på ein gnistrande femmer.
Norske titlar med engelske originaltitlar i parentes. Klikk på lenkjene for å lese tekstane.
Terningkast
5