Aks av gull på vinyl?

Til konsertane med Stavanger Symfoniorkester i mai 2021, produserer Kjell Inge Torgersen eit lite opplag "Aks av gull" i vinyl. Interessert?

Plata er blitt nymastra for vinyl av Morgan Nicolaysen i Propeller Mastering i Oslo. Vinylproduksjonen skjer i velomtalte T-Time Vinyl Plant, og omslaget blir redesigna av Kjell Ramsdal. Ramsdal hadde designet også på originalalbumet, og du vil finne både bilete og tekstar på inneromslaget.

Opplaget blir lite – så her gjeld det om å være rask i snuen. Pris: 299,- + porto.

Kjell Inge Torgersen signerer og sender i posten. Ta kontakt på post@kjellingetorgersen.no eller på facebook

Meir i kategorien aktuelt