Månefall singel 19.1.24

Månefall blei lansert 19. januar 2024 og er første singel frå kommande album. Omslagsdesign: Kjell D. Ramsdal. Foto: Stig Håvard Dirdal (oppgje alltid fotografens namn ved bruk)

Det er stor høgtid når eg igjen kan sleppe musikk frå studio! Me har leika over lang tid, Ruben Dalen, Stian S. Hansen og eg, og på mange måter er dette resultatet ei fortsetjing av samarbeidet vårt frå Mudderlys-albumet og Fingen. Me reiser lengre og leiter meir i det soniske og tekstlege universet som me der starta å utforske.

Månefall

Ein underleg tittel, kanskje?

Den kom til meg som eit halvt oppfylt begrepspar. Finst “solefall” – altså at sola fell og natta er i anmarsj – så må det vel òg finnast eit “månefall”? tenkte eg. Når natta er i ferd med å sleppe taket, når det er like før lyset kjem, når månen fell. Likevel er dagen ikkje heilt her, for månen er ennå ikkje heilt borte, han er der, han verker framleis på oss.

Eit håp i det harde

Det engelske ordet for “galskap” – lunacy – har sitt utspring i det latinske ordet for måne (luna), oppkalt etter den romerske månegudinna. Folk trodde gjerne at det å sove i lyset fra månen kunne gjere ein avsindig. For kva kan vel skje med oss om me lar nattsida av personlegdomen få overhanda? Når me hamnar ut av balanse, går inn i transe?

Dette er ein song om å ha eit håp midt i det harde.

Eit håp om at lyset må komme.

Om at månefallet kjem.

 

 

Bilete

Omslag til singel "Månefall". Design: Kjell D. Ramsdal. Foto: Stig Håvard Dirdal
Omslag til singel "Månefall". Design: Kjell D. Ramsdal. Foto: Stig Håvard Dirdal

Meir i kategorien media