Stemme

Gjennom tale, lesing og skriving er Kjell Inge Torgersen tekstformidlar, skodespelar, konferansier, les inn lydbøker og gir stemme til reklamespotar. Han snakkar og skriv flytande engelsk. Han skriv korte og lengre tekstar og manus, både på nynorsk og bokmål.

"The KIT as" er produksjonsselskapet og står bak samarbeid med ei rekkje kunder, frå UiS til Steinerskolen, frå Skretting til Den stolte hane.

Her finn du stemmeprøver og andre formidlingseksempel.

Voice over-programleiar og tekstforfattar for "Det norske måltid 2021" (Fabel Media)

Då "Det norske måltid" måtte pandemi-kansellere den "vanlege" finalen og gallamiddagen (som slett ikkje er 'vanleg'), mista Kjell Inge jobben som programleiar – men fekk jobben som voice over-programleiar på det som ble ei heidundrande tv-sending. Alle tekstinnslag Kjell Inge les er også skrive av han pluss meire til. Her er eit kort utdrag. Filmen er i sin heilskap laga av Fabel Media AS. Voice over spelt inn i "Kammerset" i Tinfabrikken og mastra av The KIT as.

Kjell Inge leser Kielland

"Det var noe ved henne han slett ikke kunne fordra." Her kjem ein liten smakebete av teksten eg las under 24-timers-Kielland-maratonen på nye Kiellandsenteret ved Sølvberget i Stavanger. Eg elskar å lese høgt frå gode tekstar, noko mellom anna serien "Julelegender" har vore eit utløp for. (Disclaimer: Ikkje innspelt hos The KIT.)

Voice over "Mellom bakkar og berg" for Eiendomsmegler1 (Fabel Media)

Eiendomsmegler1 finst over heile landet. Mellom bakkar og berg, i sentrum og i bygd. Og alltid handlar det om "å finne heim". Dette hadde dei lyst å fortelle. Filmen er laga av Fabel Media, og Kjell Inge Torgersen har lagt lydsporet. Innspelt i "Kammerset" i Tinfabrikken.

Kjell Inge les "Drømmelinsene"

"Drømmelinsene" på Storytel, lest av Kjell Inge

"Jeg hadde skydd unna drømmelinsene da de først ble sluppet på det ordinære markedet. [...] Etter et par minutter sto jeg opp for å dobbeltsjekke at alt var i orden på Dreamverse. Drømmen var satt til å begynne så snart jeg sovnet." –– Å lese høgt, å fortelle, formidle, er noko av det eg likar best. Moro var det difor å få lese inn romanen "Drømmelinsene" av stavangerforfattaren Stig Beite Løken for strømmegiganten Storytel.

English example, petroleum client

This is a sample from a voice over in English that Kjell Inge read for a client within the petroleum business. Recorded and mastered at The studio KIT.

Fortell meg (no)

Til Jubileumskonferansen for Senter for spiseforstyrrelser i Stavanger i 2014, blei Kjell Inge Torgersen bede om å lese inn ei rekkje dikt, deriblant diktet "Fortell meg", av ein ukjend forfattar. Diktet er skrive på bokmål, men Kjell Inge valde å lese det på sin eigen dialekt.

UiS - I seng med Descartes (no)

Til Universitetet i Stavangers nettbaserte filosofisatsing skreiv og las Kjell Inge inn ein skildrande korttekst om filosofen René Descartes. Denne teksten blei animert og bakt inn i eit e-kompendium utvikla av Nettop v/UiS. Dette er "lydbokversjonen". (Innspilt hos UiS.)

Radioreklame Steinerskolen i Stavanger (no)

Steinerskolen i Stavanger køyrte reklamespotar på radio for tilbodet sitt. Kjell Inge Torgersen skreiv og las inn nokre av dei, og casta andre stemmer til andre spotar. Her er ein av dei. (Innspelt hos The KIT as.)

UiS - sykepleiens kunnskapsgrunnlag (no)

Elsa Kristiansen har skrive teksten til "Sykepleiens kunnskapstyper". Dette er ein del av Universitetet i Stavanger sine e-kompendium til sykepleiestudiet. Her er innleiinga. Lese av Kjell Inge Torgersen. (Innspelt i studio hos The KIT as.)