Turné på videregående skolar 2024-2025: "Alle kan jo engelsk?"

Rogaland

For Den Kulturelle Skolesekken reiser Kjell Inge også hausten/våren 2024-25 ut med produksjonen "Alle kan jo engelsk?" Han besøker videregåande skolar i heile Rogaland.

MEN! Før Kjell Inge kjem til skolen, skal dei velje EIN song (per skole) som me saman skal jobbe med når eg kjem ut. Høyr og sjå videoen viss du er elev, kulturkontakt eller med i produksjonen!

Sjå video nedst!

Les litt meir om produksjonen under her. Hugs: Det mest oppdaterte finn du i DKS-portalen.

 

--

Musikk + nynorsk = Eit musikalsk tekstlaboratorium

Denne produksjonen parar musikk og nynorsk. Det handlar om å nytte nynorsken til noko anna enn å pugge gloser og grammatikk. Let's face it: nynorsken er ikkje så kul som engelsken. Ikkje ein gang som tysken. For ikkje å snakke om bokmålet. Denne produksjonen er kanskje ikkje nok til å gjere nynorsken "kul" – men han vil forhåpentleg åpne augo litt for dette språket som kunne ligge mange nærare hjarta.

Me omset frå engelsk … til nynorsk!

Målet er at alle elevar skal få skrive. Etter nokre skriveøvingar går me i gang med den konkrete songen som skal omsetjast. Litt tekstleik, senke skuldra, ikkje gjere det så farleg. Tekstalkymi er jakta på tekstleg gull, men i laboratoriet er me ikkje redde for gråstein.

 

Program!

14 dagar før eg kjem: Velje song!

Kvar skole har på førehand vald ut ein – 1 – song som alle klassar på skulen skal jobbe med. Eg vil gjerne vite kva for song dette er minst 14 dagar før eg kjem, slik at eg kan forberede meg.

Dag 1 • Musikalsk tekstlaboratorium! (klassevis)

Introduksjon til gjendikting + skriveoppgåver

Alle elevane skriv så kvar si eiga gjendikting av songen (den som er vald for heile skulen)

Gruppearbeid. Kvar gruppe einast om ei felles løysing. Me les høgt. Det vil dermed bli rundt 5-6 tekstar per klasse.

Fellestid: Til slutt samlast klassen om ein tekst som dei vil at eg skal ta med meg, sett saman av klassens forslag.

Totalt: 80 minutter

Dag 2 • Konsert!

I konserten framfører me den gjendiktinga som eg syns funka best eller har utmerkt seg på ein eller annan måte. Dette er ofte ei samanstilling av dei beste forslaga frå mange klassar, og eg kommenterer på det. Applaus! I tillegg framfører eg nokre av mine eigne songar – og snakkar også litt om dei og om tekst generelt. Det blir ein konsert med spesielt fokus på tekst – og på gode historiar!

Totalt: 35 minutter

Kjell Inges bakgrunn

Eg har gitt ut 6 musikkalbum. To av dei, «Aks av gull» (Sting på nynorsk) og «Aks av gull – i symfoni (med SSO)» inneheld norske gjendiktingar av artisten Stings songar. Fleire av mine eigne songar har óg fått mykje radiorotasjon, deriblant «Eg fant ein ring», som i ein periode var den 6. mest spelte på norsk radio. For øvrig har eg utdanning som cand.mag., med norsk, engelsk mellomfag og kristendom i fagkrinsen. Eg har vore lærar ved vidaregåande og i vaksenopplæringa i fleire år. Frå 2003 starta eg for fullt som frilans songar, låtskrivar og tekstforfattar. Parallelt driv eg eige kommunikasjonsbyrå, The KIT as – etter at eg slutta i reklamebyrået Melvær & Co samme år. Fra skrivestua mi i «Tinfabrikken» har eg invitert til kurs i kreativ skriving, og dei har vore godt omtykte.