Aks av gull 15 år: Kjell Inge Torgersen + SSO i Stavanger konserthus

Det blir musikk med ekstravagant sting når Kjell Inge Torgersen og SSO innbyr til konsert i Fartein Valen med songar frå suksessalbumet  «Aks av gull.». Albumet utkom i 2006 og feirer 15 år i år!

Sidan utgjevinga har Torgersen reist land og strand med prosjektet og gjort konsertar både i USA og Palestina. Hans nynorske gjendiktingar og Aril Schølds arrangement av Stings låtar fekk anmeldarar til å skrive ting som: «Forbløffende bra», «Skaper den levende poesien» og «gjennomarbeidet og kvalitetssterk». Det er grunn til å ha forventningar til denne konserten.

I tillegg til radiohitar som «Aks av gull» og «Skjøre» (Fields of Gold og Fragile), vil publikum óg få høyre heilt nye songar i Sting-konseptet til Torgersen. Blant anna «Desert Rose» frå Stings album «Brand New Day», som har fått tittelen «Ørkenrosa» på norsk, blir framført i heilt nytt arrangement, signert Aleksander Sinding-Larsen Waaktaar. Men ikkje berre denne får heilt nytt arrangement, alle songane blir arrangert på ny, spesialskrive for SSO av arrangørtrioen Waaktar, Eirik Berge og Aril Schøld.

Det går óg rykter om at «Aks av gull» vil bli utgitt i eksklusiv vinylutgave til konserten!

Bilete

Kjell Inge Torgersen og SSO
Kjell Inge Torgersen og SSO

Meir i kategorien aktuelt