Igjen! - med Helene Bøksle

ME VIL VERE OSS – IGJEN! Prosjekt IGJEN er ein musikkvideo og ein gjenopningssang, som har som hovudbodskap å feire og vise glede over der me er nå – etter pandemien. Nå kan me endeleg vere saman igjen og oppleve kulturlivet, me kan vere “oss”.

Prosjektet ønskjer å rette fokus og positiv merksemd mot kulturlivet og gleda det gir oss. Me vil formidle kor viktig kulturen er for lokalsamfunna våre over heile landet, og kor mykje me har sakna det. Me har laga ein gladlåt som me håper kan bli eit av mange symbol for tida me har vore – og er i.

Prosjektet er igangsett og produsert av Cathrine Aase Walberg. Songen skriven av Kjell Inge Torgersen og Stian S. Hansen, sunge av Helene Bøksle og KIT, med June kommune og Bent Høie. Video av Tjomlid Media.

Teksten til sangen finn du her – og blekke/akkordar: bla litt ned :-)

Med i videoen

Helene Bøksle, Kjell Inge Torgersen, komikar og skodespelar Jan Rune Holdhus (aka June Kommune), Bent Høie, magikar Kevin Lunde, ordføraren i Stavanger, Festivalsjefane for Mablis-festivalen og Randabergfjellet, Stian S. Hansen (bass), Samuel Nimoson jr. (trommer), Johannes Lunde (gitar), Ane Iselin Brogeland (koreograf), Hedda Sund og Julie Louise Bjerg Bjelke (dansarar), m.fl. statistar. 
Foto & klipp: Tor Sindre Tjomlid / Tjomlidmedia. 
Produsent: Cathrine Walberg.

Sang

Skriven av: Kjell Inge Torgersen og Stian S. Hansen med Jan Rune Holdhus (rap) og Cathrine Walberg (eksekutiv produsent). Musikkprodusent: Stian S. Hansen. 
Musikarar og deltakarar på sangen: Helene Bøksle, Kjell Inge Torgersen, Jan Rune Holdhus, Bent Høie, Stian S. Hansen, Børge Petersen-Øverleir, Ruben Dalen.

Blekke under videoen:

 

Meir frå kategorien musikk