Musikkvideo: Aks av gull (2004)

Denne musikkvideoen er frå det første demoopptaket me gjorde i det gamle studioet til West Audio i Stavanger. Me spelt inn tri demoar til prosjektet: Aks av gull, Tidevatn og Eg brenn etter deg.

Først året etter reiste me til Utstein kloster for å spele inn heilt album, og det er opptaka frå Utstein kloster som blei til albumet "Aks av gull". Men denne musikkvideoen, frå studiomiljø, blei ståande som følgjesven til musikken. Tusen takk til Frode Merkesvik som gjorde dei fine videoopptaka.

Bilete

Video til Aks av gull. Foto: Frode Merkesvik
Video til Aks av gull. Foto: Frode Merkesvik

Meir i kategorien media