Musikalsk kveldsvert på "åpent møte om kreftrehabilitering"

Solastranden Gård

Folkemøtet handlar om korleis ein lever livet etterpå; i rehabilitering – etter kvart som tida og livet går vidare. Er du "frisk" – eller kva? Spesielt gjeld dette oss mannfolk, for «Profo», som er ein av arrangørane, står for «PROstatakreftFOreningen».

Til denne kvelden kjem ein gjeng med gode fagfolk du får høyre og kan snakke med, og det blir god tid til samtale. Enkel bevertning får du òg. Og eg GLER meg til ein slik kveld, eg! For saka er viktig, me skal både lære litt, møte fine folk – og eg får synge litt. Og eg lovar å gjere mitt for at du som kjem skal få ei god oppleving.

 

 

Bilete

Åpent møte "Livet etter kreft"
Åpent møte "Livet etter kreft"