Musikk

Kjell Inge Torgersen har gjennom fleire tiår skrive songar og tekstar, han har gjendikta Sting til norsk, gjendikta julesongar, og han skriv for andre artistar. Nedst på denne sida finn du mykje stoff om alle albumutgjevingane hans.

Musikkvideo: Flammar av glør

"Flammar av glør" kjem frå albumet "Mudderlys" (2017). Musikkvideoen blei sluppe hausten 2019 – som ein re-release av tidlegare filmopptak.

Album

Aks av gull - i symfoni

Aks av gull - i symfoni

Saman med Stavanger symfoniorkester feira Kjell Inge Torgersen 15-årsjubileet til "Aks av gull". Det blei til to storslåtte konsertar i Stavanger konserthus – som blei tatt opp og utgjeve på album og som konsertvideoar. Og Aftenbladet er begeistra.

Omslag til albumet Mudderlys. Form: tilfellet.torgersen as. Foto: Morten Berentsen (mbmultimedia.no)

Om albumet Mudderlys

Albumet Mudderlys blei lansert 8. september 2017. Det var nå seks år sidan Kjell Inge hadde utgjeve noko – men for Kjell Inge var dette god gjæringstid. Noko nytt skulle skje. Og for fyrste gong fekk han ein eigenskriven låt A-lista på NRK P1 – Eg fant ein ring. Du finn tekstar til songane nederst på sida.

Foto: Morten Berentsen

Om albumet Julelegender

Albumet Julelegender frå 2011 inneheld 11 spor, med ei veksling mellom nyskrivne songar, gjendiktingar av anglo-amerikanske julesongar og tradisjonsrike norske julestemningar. Stjernenatt blei A-lista av NRK P1 riks. Nederst i artikkelen her finn du fleire tekstar.

Foto: Dag Knudsen

Om albumet Gnist

Albumet Gnist blei utgjeve i 2008 og inneheld 12 songar skrivne av Kjell Inge Torgersen med venner. Ole Paus og Jan Toft er med på duettar. Her finn du fleire tekstar.