T: Kjell Inge Torgersen, inspirert av ein engelsk tekst av Waade, M: Kjell Inge Torgersen.
Me gjør alltid alt me kan,
gjør magen stor og auga mett.
Me forlanger alle mann
at skitne vatn klarnar lett.
Me har sirkulert ein tannstikkar,
stukke hol i himmelkvelv,
bunde for ein fugleveng
og skrive logg frå fjerne land
kvar kveld.
Gje, gje, gje meg ingenting,
eg krev ingenting
– bare
piknik i paradis,
piknik i paradiset.
Og vår rikdom blei vår flukt,
ei steril og steinfri frukt,
flukt frå alle nederlag
mot eit evig lykkejag.
Me ser ein høgoppløyst komet
passera ein febertrøytt planet,
går til sengs i trygge rom
med sjelefred i pilleform.
NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.