Podkast: Skaperne med Kjell Inge

I podkasten Skaperne utforskar Kjell Inge Torgersen kva som skjer i hovuda på folk som absolutt må skape noko. I kvar episode møter han ein ny person, og dei har ein god samtale om idear, kreativitet, kva, korleis, korfor. Og meir til.

I min aukande fascinasjon for alt det folk lagar og skapar, har eg og Akurat Media v/ Eivinn Arne Jensen Larsen slått oss saman om å lage ein podkast som set scenelyset på akkurat det. Podkasten heiter "Skaperne" (Skapernepod på Facebook, Skaperne_pod på Instagram), og episodar blir sluppe kvar 14. dag.

I podkasten utforsker eg kva som skjer i hovudene på folk som absolutt må skape noko. Det blir gode samtalar om idear, kreativitet, kva, korleis, korfor. Og meir til.

Første episode er med sjølvaste BØRGE LUND, mannen bak Lunch!

Episodane i sesong 1

Ep. 1: Børge Lund (mannen bak "Lunch")
Ep. 2: Mathias Eick (trompetist, komponist, medlem av Jaga Jazzist m.m.)
Ep. 3: Hans Markus Riisdal (frontfigur i TØFL)
Ep. 4: Eva Bjerga Haugen (Spellemannsnominert jazz-sangerinne og låtskriver)
Ep. 5: Tore Kvæven (forfattar, Brageprisvinnar og Stig Sæterbakkens minnepris)
Ep. 6: Knut Nærum (komikar, tegnar og forfattar)

Du kan lytte overalt der du lyttar på podkast. Til og med på badet. Eller på Spotify.

Intro

Kva er det som skjer i hovuda på folk som absolutt må skape noe? Eg snakkar om det me alle stort sett til dagleg er storkonsumentar av på eitt eller anna felt: musikk, litteratur, film, tegning, maling og meir til. Det kan kallast «kunst», men då er kanskje fokuset på det ferdige produktet. Eg er meir interessert i korleis det blir til. Korleis skapinga skjer, korfor han skjer – og når vet dei at dei er ferdige? Det har eg alltid lurt på. Eg heiter Kjell Inge Torgersen – og eg har invitert folk eg likar og som har skapt noko eg synast er spennande – til ei samtale med pilling nedi hjernene deira.

Bilete

Grafikk til Skaperne. Laga av Atle Bore.
Grafikk til Skaperne. Laga av Atle Bore.

Meir i kategorien stemme