Ditt arrangement + Kjell Inge?

Kjell Inge Torgersen kombinerer drivande god musikalitet med lun humor. Ein konsert med han er ei heilaftan, uansett tid på dagen. Frå dei heilt intime format, til den heilt store scena, gir Kjell Inge alltid alt. Han er også ein framifrå konferansier.

 

Skal me lage noko eineståande i lag?

Kjell Inge tar imot forespørsel til private og offentlege arrangement. La oss ta ein prat og ein kaffi – for gode opplevingar kjem ut av god planlegging (og god kaffi).

 

Konferansier og formidlar

Kjell Inge har mange tiårs erfaring som konferansier og formidlar. Han bidrar både gjennom musikk og som tekstformidlar og skodespelar. Her er linkar til nokre eksempel:

 

Tekstformidling

Etter lesinga av Alfred Hauge-tekstar på Utstein Kloster (sjå over), sa Jan Inge Sørbø, professor og Alfred Hauge-kjennar:

"Han las tekstar av Hauge, både dikt og prosa (Frå Det evige sekund (Dikt), Legenden om Svein og Maria og Mysterium (romanar). Det gjorde han på ein glimrande måte, der han let Hauges tekst, som rommar både svært høgstemde og svært munnlege element, møta eit klart stavangersk/rogalandsk tonefall, slik at det let munnleg, naturleg og sterkt. Også for meg, som er «profesjonell Haugelesar», om noko slikt finst, var dette ei lesing som opna tekstane og fekk meg til å sjå nye sider ved dei."

 

Det gjorde han på ein glimrande måte.

 

Her er nokre bilete frå forskjellige opplevingar! Gler meg til å høyre frå deg!

Bilete

Nær og intim. Her for eit nennsamt utval. Foto: Arves mat
Nær og intim. Her for eit nennsamt utval. Foto: Arves mat
Stort og mektig med 10 utøvarar på scena. Foto: Morten Berentsen
Stort og mektig med 10 utøvarar på scena. Foto: Morten Berentsen
Fortelling + konsert = Julelegender. Foto: Morten Berentsen
Fortelling + konsert = Julelegender. Foto: Morten Berentsen
Viking Stadion!
Viking Stadion!
Konferansier på Landsbykonferansen
Konferansier på Landsbykonferansen