

Håp i det fjerna blei lansert 9. januar 2026. Sangen er utgitt i samarbeid med det nasjonale Pårørendesenteret. Omslagsdesign: Kjell D. Ramsdal. Foto: Stig Håvard Dirdal (oppgje alltid fotografens namn ved bruk)
Håp i det fjerna er tredje singel frå kommande album. Samarbeidet med produsentane dal'Hansen – Ruben Dalen og Stian S. Hansen – fortsetjer og teiknar ei line frå Mudderlys-albumet og Fingen.
Dette er ein sang eg ikkje trodde eg skulle skrive. Men det er godt å ha gjort det. Det me helst vil fortrengje er vanskeleg å snakke om – og når du endeleg har kome ut av tunellen, vil du ikkje inn igjen.
Då dattera mi blei ramma av ein alvorlig sjukdom, ramma han i sin tur oss alle andre også. Sykdommen kallast i kvardagstale for anoreksi eller "spiseforstyrring", men bak desse etter kvart kjente orda skjular det seg ein ukjend og total omvelting av livet. Frå det eg opplevde som inkluderande og gode familiesamver, gikk me brått inn i familiesplintrande, vonde og lange dagar, månadar og år. Sjølv hadde ho levd med det lenge, åleine, inni seg – og det visste ikkje me. Nå blei fargane utviska, mørkret kom, eg våkna om morgonane med eit gisp av fortviling, eit knyttneveslag i buken.
Men under det heile og gjennom det heile ulma likevel håpet.
Denne sangen skildrer mi oppleving, som far, som pårørande. Om håpet. Når livet mørknar, fargane forsvinn, kvardagen går i grått, sort, då er det vanskeleg å skjøna at det kan vere håp om lys, at tunnelen verkeleg har ein ende.
Men eg har sett lys før. Det må eg ikke gløyme.
For er det noko me treng når livet er på sitt mørkaste, så er det håpet om at noko kan endre seg, at noko må endre seg. Kanskje komme glidande på ein våg me ikkje har visst um. Det er håpet som gjør at eg held ut, endå ein dag. Dag etter dag. Leiter etter lys. Kanskje er det eg som må bære håpet når den sjuke sjølv ikke kan. Håpet hjelper.
Denne sangen er utgitt i eit samarbeid med det nasjonale Pårørendesenteret – for er det noko me alle er, så er det pårørande. Til barn, til foreldre, til vaksne, til vener. Å vere pårørande i ei krise kan også bety å kjenne seg handlingslamma. Du ser kva som skjer med dei du er glad i, og kanskje er det lite eller ingenting du kan gjere. Av og til kan denne kjensla av makteslause og håpløyse vere så tyngande at det går i svart.
Men du er der likevel. Og når du er der, i mørkret, er det kanskje du som er lyset i lampen.
Det er eit håp i det fjerna.
At sjukdommen hennar nå blei synleg, var forferdeleg og vondt, men – og det forstod eg i ettertid – var også dessverre nødvendig. Sjølvsagt skulle eg ønskje at han ikkje fanst, men ho kunne jo ikkje fortsetje å bere dette inni seg, heilt åleine. Denne erkjenninga satte oss etter kvart i stand til å støtte betre, til å prøve å lette børa. Men det skulle ta lang tid å forstå. Spesielt for meg, ja.
Eg hugsar sjølv kjensla av ein slags isolasjon. At det å bli senka ned i alt det vanskelege og vonde, tilmed litt tabubelagte, kjentest som om å falle ut av samfunnet, som om eg stod åleine om det. Her kom noko krypande inn i liva våre, ein ubuden, demonisk gjest, tilsynelatande ut av ingenting, absurd og meningslaus, og tok over liva våre. Det var både ei krise – og kanskje også ei identitetskrise.
Kven er eg? Korleis er eg?
Så høyrte eg folk fortelje om opplevingar som likna mine. Når ein enkeltsituasjon slik går over frå noko som blir opplevd som eksepsjonelt til å bli et fenomen, så løsner kanskje det vonde litt? Og desse folka fortalde om ein veg ut, om håpet i det fjerna. Noko med at eg ikke var åleine gjorde kanskje situasjonen litt mindre voldsom og einsam.
Så kanskje kan dette gi ein ... lette? For viss erfaringar frå andre kan likne på mine, og eg kan dra nytte av dei – så kan kanskje andre dra nytte av mine?
Difor er eg her for å seie: Det er eit håp i det fjerna.
Det finst folk som forstår på ein annan måte, som forstår gjennom kjensler, ikke berre gjennom ord. Korleis det er å stå i ei krise, over år, fastlåst i samme situasjon.
Det er jo ikkje slik at berre ved å snakke om det, så løyser alt seg. Mykje må arbeidast med på mange forskjellige måter, alt etter kva ein lir av og kven ein er. Men viss det å snakke om noko kan normalisere det, så kan kanskje det i seg sjølv gi ei lise? Å høyre om opplevingane til andre kan også bidra til at ein klarer å skilje det vonde og vanskelege frå personen som har det vondt og vanskelig. Å slik skille sjukdommen frå personen som er syk. Det var ein lærdom som tok meg lang tid å forstå.
Det dårlegaste rådet eg fekk frå helsevesenet som pårørande var: "Dere må bare leve som normalt." Det rådet var nok godt meint, som ei trøyst til oss pårørande, kanskje også for å seie at me ikkje hadde skyld i noko? Det som var skjedd, skjedde av seg sjølv. Men korleis! skal du kunne leve som normalt når alt er ekstraordinært og kritisk – heile tida? Det ‘normale' blei heller ei ekstra bør.
Det beste rådet me fikk var korleis me kunne jobbe saman med personen som var sjuk, meir enn å jobbe mot sjukdommen – for då jobbar me på mange måter også mot personen. Dette var vanskeleg, og det blei behøvd ny læring og nye, gode verkty. Det tok tid.
Å bli ramma av ei spiseforstyrring handlar om så mykje meir enn sjølve spisinga. Ja, i grunnen er det eit veldig dårleg navn. Men det er det me andre ser, det er eit åpenbart uttrykk for sjukdommen, og difor er det lett å tro at det er fråværet av spisinga som er sjukdommen. Det er det ikkje. Det er eit symptom. Under ligg kontrollbehov, tankekjør, angst, ja, mykje anna. Igjen: det tok meg lang tid å lære og forstå. År. Og sjukdommen skulle gå gjennom forskjellige faser. Spiseforstyrringa er ein manipulerande sjukdom; ikke bare manipulerer ein seg selv – men også dei rundt seg og dei nærmaste.
Difor må me lære om det som verker på oss, og korleis me kan håndtere det.
Nokon må peike ut retninga, retninga som gir håp for endring.
Eg har
et håp i det fjerna,
og eg går der så gjerna
– hvis eg vett kor eg ska.
Eg har
tent lyset lampen
og ska me i kampen nå
tar eg lys og går
der mørknå kom fra.
Kjell Inge Torgersen
– med takk til mi beste Astrid Ulrikke Torgersen for gode samtalar og kloke ord. Mange av dine tankar og formuleringar er med i denne teksten.