Om albumet Mudderlys

Albumet Mudderlys blei lansert 8. september 2017. Det var nå seks år sidan Kjell Inge hadde utgjeve noko – men for Kjell Inge var dette god gjæringstid. Noko nytt skulle skje. Og for fyrste gong fekk han ein eigenskriven låt A-lista på NRK P1 – Eg fant ein ring. Du finn tekstar til songane nederst på sida.

8.9.17

Fra Lanois til Maggio

Mudderlys inneheld 11 spor – og ein dramaturgi som forsøker å ta albumformatet på alvor. Inspirasjonskjeldene spenner vidt, frå Daniel Lanois til Bo Kaspers Orkester via Veronica Maggio. Men det viktigaste er at utgjevinga blei til under langvarig leik. Leikekameratar var Stian S. Hansen og Ruben Dalen, og det var i sistnemnde sitt studio i Oslo at det meste skjedde.

Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve av albumet.

Innspeling og miksing

Dei tidlegare albuma, Aks av gull, Gnist og Julelegender, har blitt til i konsentrerte innspelingsperiodar over nokre veker, og me har for det meste spelt ting akustisk.

Mudderlys blei derimot til over to år og var mykje studioarbeid. På dette albumet samarbeider eg med duoen Dal’hansen, to karar eg har kjent i lang tid, og som eg har jobba med i parallelle prosjekt, av og på sidan 1999. Påska 2015 reiv eg av nokre leddband i skuldra, og med armen i bind og kroppen og sinnet skutt litt ut av sin vante bane, reiste eg til Stian (S. Hansen) i Oslo og starta den studioleiken som skulle prege dei neste to åra. Me ville sjå om me kunne skrive låtar og meisle ut eit lydbilete saman. Me møttest etter kvart i studioet til Ruben (Dalen) og saman leika me tri oss fram til eit nytt lydunivers – noko eg opplever som ein frapperande miks av elektroniske og akustiske uttrykk.

For dei som har fulgt meg, lyder nok Mudderlys annleis enn før. Men for meg er dette heimtraktene. Heilt frå eg som ungfole kjøpte min første synth (ein Roland JX-3P med Cube 60 forsterkar), har eg kjent ei dragning mot elektronisk musikk. Eg høyrte på Tangerine Dream. Kraftwerk. Jon & Vangelis. Yes. Planet P Project. Saga. Rush. Peter Gabriel! Høyr spelelista frå oppveksten min her. Me spelte i band, dreiv lange skoleferiar i studio inn i natt og bråk, programmerte trommemaskinar og satt med 4-sporsopptakarar i det einaste lyset som kom frå blinkande lysdiodar. Men då Aks av gull-albumet skulle spelast inn, kom det heilakustiske preget som ein reaksjon på all teknikken gjennom alle åra. Difor er det som eit djupt andedrag ned i grottene i solar plexus når eg nå går tilbake til det elektriske.

Albumet er innspelt i DM&M Studio i Oslo, 2015-2017. Dal'hansen: Programmering og miks. Mastering: Morgan Nicolaysen, Propeller Mastering. Flammar av glør delvis innspelt i Artbeat Studio hos Bjørn Erik Sørensen i samarbeid med Varmestuens venner.

Musikarar

Kjell Inge Torgersen: Vokal og kor (sunge i Korby mikrofon med U67 kapsel). El-gitar Mudderlys, piano Samme sol og Eg fant ein ring, akustisk gitar Den hemmelige sommer og Kem sko trodd. Stian S. Hansen: Bass. Barytongitar Den hemmelige sommer, el-gitar Samme sol, kor Amor Fati. Kjell Harald Litangen: Gitarar Hud, Amor Fati, Seier me sår, Eg fant ein ring, Under og Over. Ruben Dalen: Trommer. Tangenter Den hemmelige sommer og Hud. Geir Sundstøl: Gitarar Den hemmelige sommer, Mudderlys og Hud. Ulrikke A. Torgersen, Per Henning Uppstad, Odd Ragnar Waade, Ingrid Kjosavik, Aril Schøld og Karl-Dag Kjosavik: kor på Over. Kjell Reianes: Akustisk gitar og vokal Flammar av glør. Kjetil Steensnæs: Pedalsteel Flammar av glør. Aril Schøld: Akustisk gitar Kem sko trodd. 

Mottaking

Albumet blei svært godt mottatt av publikum og kritikarar.

  • Hamar Arbeiderblad: "Tekststerkt på stavangersk."
  • Stavanger Aftenblad gav terningkast 5 og skreiv: «Sammen skaper de noe på siden av det du vanligvis hører. Og dette er noe jeg aldri trodde jeg skulle si: Spill Kjell Inge Torgersen høyt!»

Fleire singlar blei A-, B-, C-lista på NRK P1:

  • Hud blei B-lista på NRK P1 frå 22.1.2018
  • Eg fant ein ring blei A-lista på NRK P1 frå 18.9.2017. Totalt 11 veker.
  • Samme sol blei C-lista på NRK P1 februar-mars 2017. Totalt 7 veker.

Mudderlys blei plukka ut som kandidat til Spotifys offisielle liste "Kos". 

NPS Music plukka ut albumet som Ukens Album, uke 37/2017.

Tidal tok med albumet på si liste "Den norske platehøsten" – og på Tidal var omslaget til "Eg fant ein ring" sjølvaste "poster boy" ei stund for spelelista Riksvei 7.

Ønskjer du å kjøpe CD?

Det kan du få direkte frå Kjell Inge Torgersen, signert. Send ein e-post til Kjell Inge.

Innhald

  1. Under (M: Kjell Inge Torgersen, Dal'hansen)
  2. Samme sol (T: Kjell Inge Torgersen / M: Kjell Inge Torgeren, Dal'hansen)
  3. Hud (T: Kjell Inge Torgersen / M: Stian Schøld-Hansen)
  4. Mudderlys (T: Kjell Inge Torgersen / M: Kjell Inge Torgersen, Dal'hansen)
  5. Amor Fati (T: André Bjerke / M: Stian Schøld-Hansen, Kjell Inge Torgersen, Ruben Dalen)
  6. Kem sko trodd (T: Kjell Inge Torgersen / M: Kjell Inge Torgersen, Inge Engelsvold, Aril Schøld)
  7. Seier me sår (T: Kjell Inge Torgersen / M: Kjell Inge Torgersen, Dal'hansen)
  8. Flammar av glør (T/M: Kjell Inge Torgersen / Kjell Reianes)
  9. Den hemmelige sommer (T: André Bjerke / M: Kjell Inge Torgersen)
  10. Eg fant ein ring (T: Kjell Inge Torgersen / M: Kjell Inge Torgersen, Dal'hansen, Waade, Kjell Reianes)
  11. Over (M: Kjell Inge Torgersen, Dal'hansen, Aril Schøld)

 

Tekstar

Alle tekstane til dette albumet, nær så to, har eg skrive gjennom dei siste åra, om livet som kjem og går og fester seg i augneblinksbilete i tekst. Mens eg tidlegare song på eit tilnærma nynorsk, kjente eg denne gongen at eg ville gjere det enklast og nærast muleg. Så eg syng på dialekta mi.

På dette albumet finn du óg to tekstar av André Bjerke. Han er ein av diktarane eg ser opp til, med ein rik produksjon kor han mellom anna har gjendikta mykje. Og alt er gjort med klårheit og eleganse. Takk til familien til Bjerke for at eg fekk lov til å bruke tekstane – og at eg kunne synge dei på mi dialekt. Sterke Amor Fati står som ei slags ledestjerne for både denne produksjonen og erfaringane eg har gjort meg i tida som har gått sidan førre album, i denne skjøre eksistensen vår, innimellom uendelegheitane på båe sider av livet. 

Og eg held fram med å synge på norsk. Det kjennest mest ekte slik. 

Dette er forresten fyrste album kor eg har gjort alt det grafiske sjølv. Med gode kolleger i alle ledd, har dette vore ei lang, god og lærerik reise. Dei som seier dei er for gamle til å lære, har alltid vore for gamle til å lære, sjølv då dei var unge.

Klikk på lenkjene over for å lese tekstane.

 

 

 

 

Bilete

Stavanger Aftenblad skriv om og melder albumet Mudderlys
Stavanger Aftenblad skriv om og melder albumet Mudderlys