Sting på nynorsk

Aks av gull (Sting på nynorsk) er Kjell Inges konsept med låtar av Sting gjendikta til norsk. Høyr Fields of Gold, Every Breath You Take, Fragile og mange fleire i norske versjonar som treff hjartene – både til nordmenn og dei som besøker landet vårt.

Kjell Inge gjer konsertar med stingstoffet sitt både solo og med duo, trio og fullt ensemble. Tekstane og dei gode melodiene står i sentrum – og her får publikum høyre songar dei kjenner igjen og oppleve nye tolkingar av eit stoff som så mange har eit forhold til. I 2021 gjorde Kjell Inge full konsert med Stavanger Symfoniorkester og slapp livealbum som fekk strålande anmelding. Kjell Inge er einaste i Norden med godkjenning for ei slik utgjeving.

Prosjektet blei utgjeve som album i 2006 med eit ensemble bestående av kontrabass, akustisk gitar, fiolin og cello – og Kjell Inge har turnert med stoffet land og strand sidan. Konsertvideoer blei sendt på NRK i fleire omganger og utgjeve på video i 2007.

Sagt om Sting på norsk

Prosjektet fekk mange gode meldingar, og til dømes avisa "Varden" skreiv:

Torgersens tekster er poetiske og bildeskapende. Har gjort de utvalgte Sting-låtene til sine egne.

Då Kjell Inge spelte i Drammen, gav "Drammens Tidende" fem av seks poeng og skreiv:

Overraskende levende, viril og glad i poetiske bilder leverte Kjell Inge Torgersen og hans band en forestilling som man bør ønske tilbake til Drammen.

Bilete

Aks av gull - Sting på nynorsk med "Te i Sahara"