Folketonekonsert med St. Svithun Coralis // Jørpeland

Arne Hadland har det siste året arbeida mykje med både å leite fram ei rekkje gamle folketoneperler fra Folkemusikkarkivet på Sand, kor han har tilbrakt fleire dagar med bunker av kassettar og øyretelefonar. Dernest har han skrive songane ned på noter og arrangert dei ut for kor, piano, orgel eller gitar, samt solist. Ja, fleire av desse songane har ikkje vore over lepper på mange, mange år.

Det er slett og rett ei ære å bli invitert med til å gjere desse konsertane med heilt nytt - og ekte gamalt - stoff, og få lov å synge med desse flinke songarane, ein herlig gjeng damer som har til felles at dei på eit eller anna tidspunkt har sunge i Pikekoret i Stavanger Domkirke. Nå har dei vekse ut av den rolla, men har funne saman igjen under leiing av dette gjennommusiske mennesket, tidligare domkantor Arne Hadland. 

Tri konsertar: i Jørpeland, Hillevåg og Gand kyrkje.

Bilete

Skulle jeg min Gud ei prise?
Skulle jeg min Gud ei prise?