Julelegender 2018 - 17., 18. og 19. desember
KJØP BILLETTAR HER
Bispekapellet: 17., 18. og 19. desember, kl. 18 og 20.
>> eller ring HAVANAMAGASINET, tlf. 51 89 49 70
--
ENDELEG TILBAKE
Etter eitt års opphald, inviterer Kjell Inge Torgersen til nye Julelegender – ei skuldersenkande og annleis juleoppleving. I år går han tilbake til der alt starta i 2009, til Bispekapellet, dette vesle konserthuset med utsøkt akustikk og særeigen stemning. Julelegender har sidan blitt mange forestillingar både i Stavanger og på reise til mange stader i landet. Også albumet "Julelegender" (2011) kom ut av desse forestillingane og resulterte både i opptreden på sjølvaste Kvelden før Kvelden på NRK, og i A-listing på NRK P1 med låta "Stjernenatt".
Gitarist og arrangør Aril Schøld står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.
TRADISJON – OG OVERRASKINGAR
Sidan 2009 har mange legender blitt fortald, og jula er også ei tid for overraskingar. Så i år blir det ny, god historie, i skikkeleg Julelegender-tradisjon.
«BEFRIENDE JULESTUND»
Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei
...ei "befriende julestund" med "dristige tolkninger".
Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar. Moster Amfi seier:
«Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar – og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant.»
Julelegender har blitt ein tradisjon for mange – og er noko meir enn ein vanleg julekonsert. Familie og vener får her høyre både ei god historie, og ny og kjend musikk som høyrer jula til – nesten som i eit visuelt radioteater.
Velkommen til årets Julelegender!
--
Forestillinga er eit ein produksjon av tt.music, i samarbeid med Grafo trykkeri.