Julelegender:2019 – i Kristiansand / Ansgarkapellet
Velkommen til Julelegender i Ansgarkapellet! For første gang speler Kjell Inge Torgersen sine Julelegender i Kristiansand. Denne serien har vore spelt fleire stader i sidan 2009 og har blitt mottatt av publikum og kritikarar som ei skuldersenkande og annleis juleoppleving. Og kvart år med ny legende og ny musikk.
Også musikkalbumet "Julelegender" (2011) kom ut av forestillingane og resulterte i opptreden på sjølvaste "Kvelden før kvelden" på NRK, og i A-listing av låta "Stjernenatt".
I Ansgarkapellet, Kristiansand
Julelegender spelast i intime format. Når Kjell Inge Torgersen endeleg nå kjem til Kristiansand, fann han vakre Ansgarkapellet, dette vesle konserthuset utanfor sentrum, med utsøkt akustikk og særeigen stemning.
Kom og få ei god, ny historie - og ny og kjend musikk som høyrer jula til. Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.
Ansgarkapellet tar 80 gjester per forestilling og har akustikk i særklasse.
Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Gerd-Helen Selle, Moster Amfi)
Julelegender også til Oslo
Sidan 2009 har mange legender blitt fortalt, både i Stavanger og på reis. Og nytt av året er at han i år tar Julelegender til Oslo (Capella Johannea) og Kristiansand (Ansgarkapellet).
Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.
Befriende julestund med dristige tolkninger. (Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.)