Julelegender:2020 i Stavanger

Sølvberget, Sølvberggata 2, 4006 Stavanger

Julelegender:2020 i Stavanger! Lytt og senk pulsen.

NB! JULELEGENDER I STAVANGER FLYTTER TIL KINOEN

Julelegender:2020 blir flytta til SAL 1, SØLVBERGET – sjølvaste "Filmteatret". Dette gjer me fordi kyrkjebenker ikkje blir rekna som fastmonterte og for å tilfredsstille gjeldande koronatiltak. Men kino er nettopp eit slikt sted som regjeringen peiker på som eigna til å ivareta alle koronatiltak, og på Sølvberget følgjer dei alle koronatiltak heilt systematisk. Og dette er ikkje dumt i det heile tatt! Denne salen har mykje historie for mange, og sjeldan blir det halde konsertar der. Det skal bli ekstra stas.

Dermed er alt klårt til å avduke årets Julelegender – i ein ærverdig sal frå 1924! Me gler oss!

Velkommen til Sal 1, Sølvberget!

– Bli litt som barn igjen

Bli litt som barn igjen! Sidan 2009 har Kjell Inge Torgersen invitert til ei skuldersenkande og annleis oppleving. Lytt, senk pulsen og kjenn gleda ved at nokon fortel deg ei god historie og syng fine songar attpå. Og kvart år har han bydt publikum på ei ny legende og ny musikk.

Kjell Inge og Aril kjem også i år til to andre byar i landet for å fortelle og synge. Bli med – og bli litt som barn igjen. 

Speleplan Stavanger

I Stavanger: I år blir det spesielt. Det er ei spesiell tid. Difor flytter me ut av vesle Bispekapellet og opp i den flottaste trekyrkja i Stavanger: Hetlandskirka. Her er det godt med rom til å vere saman med god avstand.

14. desember kl. 18 (PREMIERE!) • Sal 1, Odeon kino / Sølvberget, Stavanger sentrum
14. desember kl. 20
15. desember kl. 18
15. desember kl. 20
16. desember kl. 18
16. desember kl. 20

---

OSLO OG KRISTIANSAND

I Oslo besøker Kjell Inge Torgersen vakre Capella Johannea, som ligger i tårnfoten av Majorstuen kirke. Me køyrer doble forestillingar og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.

I Kristiansand inntar Kjell Inge Torgersen Ansgarkapellet, eit vakkert utsmykka kapell utført av kunstnar Kjell Nupen. Me køyrer doble forestillingar, og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.

Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst". Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress. Du er en veldig god og medrivende forteller!

Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Moster Amfi.)