Julelegender:2021
>> eller ring Havanamagasinet, tlf 51 89 49 70 (Stavanger)
Julelegender:2021 – i tre byar!
Julelegender:2021 - bli litt som barn igjen! Høyr ei god historie og nyt fine songar. Så enkelt er det. Ein fin time før jul, utan stress.
Sidan 2009 har Kjell Inge Torgersen invitert til skuldersenkande og annleis opplevingar. Kvart år byr han publikum på ei ny forteljing og ny musikk. Så kom og få ei god historie - og både ny og kjend musikk som høyrer jula til. Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.
Tusen takk for både nydelig konsert, og rørende og humoristisk historiefortelling i Majorstuen Kirke.
Stavanger, 13. og 14. desember
I Stavanger blir Julelegender spelt i Hetlandskirken (Frue kirke). Til jul er kanskje verda meir normal, men me tek ikkje sjansar og treng meir plass for å vere saman. Den flottaste trekyrkja i sentrum heiter "Hetlandskirken", har utsøkt akustikk og god plass til å vere saman - og likevel med avstand.
Oslo, 7. desember
I Oslo besøker Kjell Inge vakre Capella Johannea som ligger i tårnfoten av Majorstuen kirke. Me køyrer doble forestillingar – og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.
Kristiansand, 6. desember
I Kristiansand inntar Kjell Inge Ansgarkapellet, eit vakkert utsmykka kapell, utført av kunstnar Kjell Nupen, som ligg på områda til Ansgarskolen. Me køyrer doble forestillingar – og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.
Julelegender – bli litt som barn igjen
Julelegender:2021 er juletradisjon. I over 10 år har Kjell Inge fortalt, sunge og spelt – og publikum har komt, og komt, og delt opplevinga saman. Det handlar om å lytte, senke pulsen og kjenne gleda ved at nokon fortel deg ei god historie og syng fine songar attpå. Det er ei skuldersenkande og annleis oppleving. Og kvart år har han bydt publikum på ei ny forteljing og både ny og kjent musikk som høyrer jula til. I fjor fekk publikum høyre bedriftene til "Sherlock Holmes" – og i år...? :-)
Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.
Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst". Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress. Du er en veldig god og medrivende forteller!
Speleplan
Kjell Inge Torgersen fortsetjer i år sin kritikarroste forteljingsserie i tre byar og legg ut heile 10 forestillingar.
Kristiansand
6. desember kl. 18 og 1930 • Ansgarkapellet
Oslo
7. desember kl. 18 og 1930 • Capella Johannea (Majorstuen kirke)
Stavanger
13. desember kl. 18 (PREMIERE!)
13. desember kl. 20
14. desember kl. 18
14. desember kl. 20
Ansgarkapellet tar 40 gjester per forestilling.
Capella Johannea (Majorstuen kirke) tar 40 gjester per forestilling.
Hetlandskirken tar 200 gjester per forestilling (til vanlig 520)
Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Moster Amfi.)
Billettar på papir
Til heile landet: Billettar kjøpast digitalt på Linticket.
Til Stavanger: Du kan óg kjøpe riktig forseggjorte, spesialtrykte billettar i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havanamagasinet i Stavanger sentrum. Du kan gjerne ringe dei på telefon: 51 89 49 70.
Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.
Befriende julestund med dristige tolkninger. (Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.)