

Aks av gull (Fields of Gold) blei utgjeve i 2006 og inneheld 11 gjendiktingar av artisten Stings songar til nynorsk i ny musikalsk drakt. Her finn du fleire tekstar.
Alle tekstar, samt arrangement av "Roxann", er signert Kjell Inge Torgersen. Alle andre arrangement: Aril Schøld. Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Håkon Iversen. Utgjeve: daWorks (2006).
Kjøp albumet på iTunes eller hos Platekompaniet. Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve.
Albumet er innspelt live på Utstein Kloster i vindkast og vilt vér, oktober 2005, med Helge Tjelta som lydteknikar. Miksa av Håkon Iversen i Oslo dei følgjande månadane, ein av Noregs framste produsentar og lydmenn på akustisk musikk (bl.a. produsert Bjørn Eidsvåg). Mastering blei med tryggleik overlatt til Cutting Room i Sverige.
Musikarar er gitarist Aril Schøld, Karl-Dag Kjosavik (kontrabass), Magnhild Mo (cello) og Bjarte Mo (fiolin). Randaberg Mannskor blei invitert til å vere med på låta "Mitt hovud hang" og tilfører god, russisk malm.
Albumet fekk jevnt over svært god mottaking i dei fleste medier i Noreg, og ein konsert frå Utstein Kloster blei sendt på NRK i fleire omgangar.
Nedanfor finn du utklipp frå anmeldingar og presse. Nokre utdrag:
Songen "Aks av gull" blei gjengitt i skoleverket: "Fra Saga til CD (10)" (Fagbokforlaget).
Pitsj brukar teksten ”Skjøre” (Fragile) på si plate ”Gjenfortellinger”.
Norske titlar med engelske originaltitlar i parentes. Lenkjer til tekstane.