Fullmånekonsert med Kjell Inge

Friluftshuset på Orre!

Eg gler meg til fullbefaren konsert – foran ekte publikum! Det er stas å få lov til å bli med på "Fullmånekonsert" i vakre friluftshuset på Orre, som berre blir holdt den dagen det er – fullmåne. Uansett tid på året.

Arrangøren skriv:

Søndag 22. august kjem Kjell Inge Torgersen til Fullmånekveldane i Klepp, i Friluftshuset på Orre, saman med gitarist Aril Schøld.

Kjell Inge vart kjent for dei fleste i 1997, då han vann den talentkonkurransen "Stjerner i sikte" og kom på 3. plass i den europeiske finalen. Han song då Stings låt "An Englishman in New York". Stings musikk følgde han vidare og avslørte nok eit talent, evna til framragande nynorskomsetjingar. I 2006 utgav han albumet "Aks av gull" med 11 gjendiktninger av Sting-songar.

Etter dette har det i hovudsak gått i originallåter, og i 2008 og 2017 gav han ut albuma "Gnist" og "Mudderlys", der spesielt den siste har fått mykje radiospilling.

Kjell Inge har sidan 2009 i år etter år òg hatt suksess med framsyningane sine "Julelegender", og eit album er utgitt med songar frå desse.

Kjell Inge trekker mykje folk til konsertane sine, og han har fått knakande gode kritikkar av både album og levande framføringar i fleire format.

Bilete

Fullmånekveld
Fullmånekveld