Konsert i Ørsta Kulturhus

15. desember gjer Ørsta seg klar for sin egen "Nobel-konsert", med musikalsk tonefylgje frå Kjell Inge Torgersen, som legg lista tett opp mot jul – og hyllest til Årets eldsjel i Ørsta kommune i forkant av konserten. Det blir både inviterte gjester og opent for dei som ynskjer å oppleve ein god konsert.

Kjell Inge Torgersen (KIT) er songar, låtskrivar, tekstforfattar og formidlar. Han er mannen bak låtar som «Fugl av fred» (duett med Ole Paus), «Aks av gull» (Sting på nynorsk) og «Stjernenatt». Sistnemnde blei A-lista på NRK P1.

Han gler seg til å spele i Ørsta! Han har tidlegare spelt fleire gonger på Aasen-senteret, men til Ørsta tar han med seg noko nytt: mange gjendiktingar til nynorsk av anglo-amerikanske julesongar som ligg han tett til brystet, samt nokre klassikarar frå eigen sting-katalog og ein smakebit av nytt stoff. Ein konsert som ei julaftan: tradisjonsrik – og full av overraskingar!

Link til omtale Ørsta kulturhus

 

 

Bilete

Julelegender • Kjell Inge Torgersen • foto Morten Berentsen
Julelegender • Kjell Inge Torgersen • foto Morten Berentsen