(Korona-utsatt) Konsert i Nedstrand kyrkje. NY DATO kjem.

Nedstrand kyrkje

Eg fekk 6-er i avismelding i Tysvær bygdeblad. Det måtte jo feirast (sjå bilete). Så eg feirar endå ein gong med å kome tilbake! Nedstrand kyrkje har fått ein spesiell plass i hjarta mitt.

I fleire år delte eg kontorfellesskap med teiknar Jens Flesjå (les gjerne fin omtale av han her). Etter meldinga i avisa, spurte eg Jens – og han teikna på overarmen min. Sjeldan har han hatt seigare lerret. Tysvær Bygdeblad hadde skrive: ”Audmjuk og strålande”. Ok, så var det ikkje spesielt audmjukt med denne teikninga, men skitt. Takk til Ari som sette meg på tanken. Kvil i fred.

29. mars kjem eg igjen! Og denne gongen nesten avkledd. Iallfall musikalsk. Det blir ikkje naknare enn dette: eg tar med gitaren, spelar på den og på pianoet og syng.

Så denne gongen inviterer eg til ein intim time med berre meg, gitaren og pianoet – og tekster og songar eg har skrive. Eg lovar at du skal få høyre ting du kjenner igjen. Og så lover eg overrasking. Eg gler meg – og, skal eg røme inn: eg gruer meg óg litt. Eine og aleine og med (kanskje) store forventningar. Uansett: eg skal gjere alt eg kan for å gje deg ein fin kveld. Og noko å tyggje på når du går inn i påska.

Håpar at me sjåast!

Bilete

Plakat til konsert i Nedstrand kyrkje
Plakat til konsert i Nedstrand kyrkje
Jens Flesjå teikner på arm Torgersen!
Jens Flesjå teikner på arm Torgersen!