Programleiar og musikkbad for "MOVE" / Inge Engelsvold

Tou Scene

Inge Engelsvold er ei levande legende i Stavangers – og Noregs – musikkliv. Det er ei hending når han nå slepp eigen musikk og "tar studioet med opp på scena", slik han sjølv beskriver det.

Eg høyrte om Inge lenge før eg bestemte meg for eigen solokarriere

Inge Engelsvold er bortimot ei legende i det lokale – og nasjonale – musikklivet. Han har jobba saman med ei rekkje storheiter (litt name-dropping? ok? Her er nokre av dei: Morten Abel, Janove, Anne Grethe Preus, Lene Marlin, Sigvart Dagsland, Janne Hagens Gospel Combo – og Kjell Inge Torgersen ;-) ) – og han har drive studio i ein mannsalder. Han driv framleis studio knytta til Tou Scene (Tou Lyd), og eg har sjølv vore inne hos Inge på vokaloppdrag mange gonger. Det er alltid kjekt – og alltid overraskande på ein aller annan måte.

Av folk som eg veit har hatt stor glede av å jobba med Inge, er blant andre dei lokale heltane "Uppstad&Waade" (melankomikarane) og humoristen og låtskriveren Leif Arild Steen. For mange av oss var Inge eit forbilete før me sjølv starta karrieren, ein fyr som laga musikk og spelte keyboard på sin heilt særeigne måte, og som jobba med masse spennande folk.

Ein rebell

Inge er på mange måtar ein slags rebell, ein progressiv, bakpålent musikk- og livsfilosof som det er alltid er gøy og spennande å prate med.

Endeleg solo: Inge Engelsvolds "Move"

Nå skal denne mannen endeleg sleppe til på eigen hand. Det er ei lita begivenheit, dette. Tirsdag 24. januar, på Loftet på Tou Scene, skal han vise fram "MOVE", det nye musikkalbumet sitt, som er ei slags innsirkling av heile musikkfilosofien til Inge. "Musikken skal alltid bevege", seier han. Einig.

Musikkbad?

Eg skal nemleg få gleda av å "Musikkbade" Inge – ei øving som er heilt ny for oss båe, og som du altså kan få oppleve. Et ferskt og friskt musikkbad må vel vere både forfriskende og litt lutrande, så her slapp han ikkje heilt billig unna.

Men det viktigste er: dette er ei feiring av Inges heilt ferske prosjekt – og ei feiring av ein flott fyr med musikk i hovudet, i hoftene, i hjarta og i beina.