Fager er jorda

T: B.S. Ingemann (dansk, 1850), omsett til nynorsk av Gunnar Torgeirsson Rysstad (1900). Fornya av Kjell Inge Torgersen til albumet "Julelegender" (2011)
M: Tysk folkesalme frå Schlesien «Schönster Herr Jesu»

Fager er jorda,
herleg er Guds himmel,
glade går sjelene pilgrimsgong.
Gjennom dei fagre 
rike på jorda
går me til paradis med song.

Tider skal koma,
tider bort skal kverva,
ætt skal følgja ætterad.
Aldri skal tonen
teia frå himlen,
i sjeleglade pilgrimskvad.

Englane song det
fyrst for hyrdingflokken,
vent det tona for sjela, trøytt:
Fred over jorda! 
Menneske, gled deg,
oss er ein evig frelsar fødd!