Gled deg, allverd

Originaltittel: Joy to the World
Tekst/musikk: Isaac Watts/Lowell Mason, basert på Georg Friedrich Händel. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Arr.: Inspirert av Sufjan Stevens versjon (2006)
Opphavsland: Storbritannia / USA / Tyskland

Gled deg, allverd, for Herren kjem!
Lat jorda ta imot!
Lat alle hjarte opna seg
og hjarta gleda seg!
Og himmel og jord, dei syng,
og himmel og jord, dei syng,
og himmel, og himmel og jord, dei syng.

Gled deg, allverd, vår Frelsar rår!
Høyr, menneska, dei syng!
Og eng og mo og vang
og fjell og fosseklang
syng med i fleirstemt fryd,
syng med i fleirstemt fryd,
syng med, syng med i fleirstemt fryd.

Han rår i verda med si hand
og byr nasjonar sjølv
å spreia himmelglans
og nåden hans –
og kjærleiksunderet
og kjærleiksunderet
og kjærleiksunderet
og kjærleiksunderet
og kjærleik og kjærleiksunderet.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.