Julelegender

Fager er jorda

T: B.S. Ingemann (dansk, 1850), omsett til nynorsk av Gunnar Torgeirsson Rysstad (1900). Fornya av Kjell Inge Torgersen til albumet "Julelegender" (2011)
M: Tysk folkesalme frå Schlesien «Schönster Herr Jesu»

Fager er jorda,
herleg er Guds himmel,
glade går sjelene pilgrimsgong.
Gjennom dei fagre 
rike på jorda
går me til paradis med song.

Tider skal koma,
tider bort skal kverva,
ætt skal følgja ætterad.
Aldri skal tonen
teia frå himlen,
i sjeleglade pilgrimskvad.

Desse gylne dagar

Originaltittel: Have Yourself a Merry Little Christmas.
T/M: Hugh Martin/Ralph Blane. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen.
Opphavsland: USA

Sjå kor fint den passelege jula
snur alt grått til kvitt;
frå nå av vil slitet ikkje meir ver’ ditt.

Sjå kor fint den passelege jula
spreier høgtidsglans;
frå nå av vil livet ver’ ein rosendans.

Samla her, som i gamle da’r,
desse gylne da’r - forbi.

Gamle vener er kjære nå,
samla rundt oss, frå
vårt liv.

Puslinganes jord

T/M: Kjell Inge Torgersen

“Ei natt som den
kjem nok aldri igjen”,
sa mormor vår med ord
som fall med snø, mot jord.

“Og stjerneglans
blei fødselsmerket hans
då han blei brakt av mor
til puslinganes jord.

Tenk om me var der, me óg.
Tenk om me var der og såg.
Tenk om me fekk høyra gyllen song
og lyden av Guds pust den gong.

Men nå bor me her me bor,
på puslingjord.

Tenk, himmelen
fant vegen hit og heim;
ein merkestein i tid,
tenk, slik ei natt, er ho forbi.

Song om jul

Originaltittel: The Christmas Song
Tekst/musikk: Robert Wells / Mel Tormé. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Opphavsland: USA

Peiseld gnistrande av stjernesong!
Har Kong Vinter frosten med?
Julesong frå eit kor nok ein gong
– og folk kledd ut i vinterkle’.

Alle veit jo det
at misteltein gir juleros
av mor når dagen er på hell.
Auge små brenn som tente ljos,
dei tittar gjennom glas i kveld.

Julevals

Originaltittel: The Christmas Waltz
Tekst/musikk: Sammy Cahn / Jule Styne. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Opphavsland: USA

Gjennom rimfrostglas
skiner lysa i natt,
gylne kremmarhus opp’ på tre’!
Det er juletid,
sjå gåveblide
folk gamle Kvitskjegg har med.

Heile verda blir
som forelska igjen,
kvar ein song fortel
om fred på jord

– og ei god jul;
må ein nyårsdraum bli sann!
Med song får eg sagt,
i tri-fjerdetakt,
at eg ønskjer deg
alt godt, kvart eit grann.

Tre skip

Originaltittel: I Saw Three Ships Come Sailing In
Tekst/musikk: Trad. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Opphavsland: Storbritannia

Eg såg tre skip kom seglande
på juledag, på juledag.
Eg såg tre skip kom seglande
på juledag, om morgon.

Og kva var det i skipa tre,
på juledag, på juledag?
Og kva var det i skipa tre,
på juledag, om morgon?

Jo, jomfrua med Jesus kom
på juledag, på juledag.
Jo, jomfrua med Jesus kom
på juledag, om morgon.

Gled deg, allverd

Originaltittel: Joy to the World
Tekst/musikk: Isaac Watts/Lowell Mason, basert på Georg Friedrich Händel. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen
Arr.: Inspirert av Sufjan Stevens versjon (2006)
Opphavsland: Storbritannia / USA / Tyskland

Gled deg, allverd, for Herren kjem!
Lat jorda ta imot!
Lat alle hjarte opna seg
og hjarta gleda seg!
Og himmel og jord, dei syng,
og himmel og jord, dei syng,
og himmel, og himmel og jord, dei syng.

Stjernenatt

T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld.

Natt ligg over jorda.
Natt driv inni oss.
Julestjerna over
oss, ho ser ’kje stort.

Men eld frå bål i brynet,
tri vandrarar på vegen:
ein fjerde byr dei mat og eld
og alt det skogen gjer.

Julestjerna ser det:
handling føder ljos - 
stjerner skin der nede
og mørkeret blir til ljos.
 
Stjerna ser stjernenatt
nedpå jorda, her skin stjerner att!
Stjerna ser stjernenatt
nedpå jorda, her skin stjerner att!