Hjarta i mitt bryst

Originaltittel: Shape of My Heart
T/M: Sting / Dominic Miller. Til norsk ved: : Kjell Inge Torgersen. Grunnarr. A. Schøld. Orkesterarr.: Eirik Berge.

Han gir ut kort. Det er ein meditasjon.
Og ingen her lyftar eit bryn.
Han spelar ikkje for pengar han vinn.
Han vil ikkje ver’ eit syn.

Han del’ ut kort for å finna svaret
på slumpens mystiske spel,
på løynde lovar om sannsynlege utfall,
tala har si eiga sjel.

Eg veit at ein spar er eit sverd for soldatar,
eg veit kløverblom gir lukke i slag,
eg veit at ruter er som dyr ametyst,
men slik er ikkje hjarta i mitt bryst.

Han kan spela knekt i ruter,
han kan leggja dronning i spar,
og han kan skjula ein konge i handa
så dei gløymer det han har.

Eg veit at ein spar er eit sverd for soldatar,
eg veit kløverblom gir lukke i slag,
eg veit at ruter er som dyr ametyst,
men slik er ikkje hjarta i mitt bryst.
Slik er ikkje hjarta…
…hjarta i mitt bryst.

Og om eg sa deg at eg elska
ville du kanskje ta på vei.
Eg er ikkje den som skjuler meg bak masker.
Eg ber nå berre ei.

Dei som pratar, skjønar lite,
og det kostar dei dyrt.
Det er som lagnadsrop overalt kor folk vandrar,
og livet blir av frykta gjennomsyrt.

Eg veit at ein spar er eit sverd for soldatar,
eg veit kløverblom gir lukke i slag,
eg veit at ruter er som dyr ametyst,
men slik er ikkje hjarta i mitt bryst.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn, verken analogt eller digitalt.