Aks av gull

Hjarta i mitt bryst

Originaltittel: Shape of My Heart
T/M: Sting / Dominic Miller. Til norsk ved: : Kjell Inge Torgersen. Grunnarr. A. Schøld. Orkesterarr.: Eirik Berge.

Han gir ut kort. Det er ein meditasjon.
Og ingen her lyftar eit bryn.
Han spelar ikkje for pengar han vinn.
Han vil ikkje ver’ eit syn.

Han del’ ut kort for å finna svaret
på slumpens mystiske spel,
på løynde lovar om sannsynlege utfall,
tala har si eiga sjel.

Roxann

Originaltittel: Roxanne
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Kjell Inge Torgersen

Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.
Ingen bil på tomgang,
natta skal ’kje spørja om tur, du skal ikkje i.

Roxann,
la dei tynne kleda få vere i fred.
Gå gatelangs for pengar,
gale eller rett, du bryr deg lite om det.

Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.
Roxann,
la nå berre nærlysa gå forbi.

La lysa gå forbi,
la lysa gå forbi,
la lysa gå forbi,
la lysa gå forbi.

Te i Sahara

Originaltittel: Tea in the Sahara
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

Mine systrer og eg
har eit ynskje klårt til deg.
Det kan høyrast litt rart
– som om me tenkjer uklart.

Nei, ikkje spør om vår sak,
her under himmelens tak.
Me har ei snål besetting,
men du kan laga ei slik oppsetjing.

Te, djupt i Sahara, vil du?
Te, djupt i Sahara, vil du?

Og ungguten sa
han skulle gjer’ som dei bad.
Så med dans gav dei takkar,
og den dansen, han var vakker.

Ånd omgitt av ting

Originaltittel: Spirits in the Material World
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

Politikarar leter oss i stikken
med vår innvikla utvikling.
Har ikkje tru på statistikken
eller på blodbadsretorikken.

Me er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda, er
ånd omgitt av ting i verda.
Me er.

Utan deg

Originaltittel: Mad About You
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld

Eit steinkast frå Jerusalem
vandra eg ei einsam mil under månen.
Eg trur eg talte ein million stjerner, men
hjarta flaug ut til ein fjern klode
– som svirrar ikring aprils månemann,
virvlar i ein sørgjeboge.
Eg er fortapt utan deg,
fortapt utan deg.
Sjølv om alle rike smuldrar opp
og renn ut i sand:

Eg blir gal utan deg,
gal utan deg.

Mitt hovud hang

Originaltittel: I Hung My Head
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

Ein morgon med litt tid
å slå i hel;
eg lånte Pers rifla
og sette meg til.
Frå åsen var hesten
og ryttaren som i bur,
når eg kikka gjennom
mitt sikteskur.
Men Pers rifla gjekk av
der inni mi hand,
og skotet klang ut
over det ganske land.
Og hesten, han trava
– mens ryttaren slang.

Mitt hovud hang.
Mitt hovud hang.

Etter i kveld

Originaltittel: Consider Me Gone
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

Det var ord om tilgjeving,
det var tankar om fred,
peace and love og forsoning
heilt til sola gjekk ned.
Eg såg månen bak skya,
eg såg kjolen du har,
eg såg kvinna i spegelen,
og eg såg kor det bar.

Etter i kveld,
etter i kveld…
– eg trur ’kje det held.

Tidevatn

Originaltittel: All This Time
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

Eg kikka ut over Vågen i dag.
Eg såg eit tårn gjennom skodda
ruva over byen vår, der kor duene rår.
Eg såg dei trøtte bryggarhestane lunta heim i neonlys,
det var to prestar på ei ferja og svaner i Vågen utan vintergys.

Og tidevatn
går opp og ned,
uendeleg,
i all slags vêr.

Eg brenn etter deg

Originaltittel: I Burn For You
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

Tenk at eg har møtt deg!
I brisen frå smilet ditt,
i skuggen frå din parasoll,
flør din kjærleik i meg.
Sjølv om eg drikk av ditt vatn,
brenn eg etter deg.
Eg brenn…

Du og eg, me elskar.
Mens natta kvelvar seg ikring,
og me slumrar samanslynga,
flør din kjærleik i meg.
Sjølv om eit heilt hav lindrar,
brenn eg etter deg.
Eg brenn etter deg.
Eg brenn… etter deg.

Skjøre

Originaltittel: Fragile
T/M: Sting. Til norsk ved Kjell Inge Torgersen. Arr.: A. Schøld.

Om blodet flyt, når kjøt og stål blir eitt
og speglar seg i solefall, i ei steinur, heitt.
Så kjem det regn og vaskar væta bort,
men alltid ligg det litt igjen i oss.

Ja, kanskje denne handlinga
skulle slå fast gamle sanningar: 
– at aldri kjem det godt or vald,
nei, aldri i noko fall.
For dei som bur utan lykkestjerna nær
er eg redd me gløymer kor skjøre me er.

Andedrag

Originaltittel: Every Breath You Take
T/M: Sting. Til norsk ved Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

For kvart eit andedrag,
for kvart eit hjarteslag,
kvart eit band du bryt,
hjartepil du skyt
– vil eg vakta deg.

For kvar ein soloppgong,
for kvar ei lygetrong,
kvart eit spel på gong,
kvar ein nattesong
– vil eg vakta deg.

For berre du
er mi eine, du.
Eg er smerta vár
for kvart eit steg du tar.

Aks av gull

Originaltittel: Fields of Gold
T/M: Sting. Til norsk ved Kjell Inge Torgersen. Arr.: A. Schøld.

Du vil hugsa meg når ein vestavind
stryk dei gylne aksa.
Du lar sol ver’ sol, der ho skin sjalu,
mens me går i gylne enger.

Ho tok sin kjære med for å sjå ei stund
på dei gylne aksa.
I hans mjuke famn sank ho ned, og han 
– han blei ei gyllen eng.

Eg gav aldri lovnader lett, eg,
og det har vore nokre eg braut.
Men eg lover: av dagane igjen
skal me gå blant aks av gull.
Me går blant aks av gull.