Om albumet Aks av gull

Aks av gull blei utgjeve i 2006 og inneheld 11 gjendiktingar av artisten Stings songar til nynorsk i ny musikalsk drakt. Her finn du fleire tekstar.

Alle tekstar, samt arrangement av "Roxann", er signert Kjell Inge Torgersen. Alle andre arrangement: Aril Schøld. Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Håkon Iversen. Utgjeve: daWorks (2006).

Kjøp albumet på iTunes eller hos Platekompaniet. Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve.

Innspeling og miksing

Albumet er innspelt live på Utstein Kloster i vindkast og vilt vér, oktober 2005, med Helge Tjelta som lydteknikar. Miksa av Håkon Iversen i Oslo dei følgjande månadane, ein av Noregs framste produsentar og lydmenn på akustisk musikk (bl.a. produsert Bjørn Eidsvåg). Mastering blei med tryggleik overlatt til Cutting Room i Sverige.

Musikarar er gitarist Aril Schøld, Karl-Dag Kjosavik (kontrabass), Magnhild Mo (cello) og Bjarte Mo (fiolin). Randaberg Mannskor blei invitert til å vere med på låta "Mitt hovud hang" og tilfører god, russisk malm.

Mottaking

Albumet fekk jevnt over svært god mottaking i dei fleste medier i Noreg, og ein konsert frå Utstein Kloster blei sendt på NRK i fleire omgangar.

Nedanfor finn du utklipp frå anmeldingar og presse.

Kjell Inge Torgersen gjer framleis utdrag frå albumet i sine konsertar. Booking her.

Innhald

Norske titlar med engelske originaltitlar i parentes.

  1. Tidevatn (All this time)
  2. Skjøre (Fragile)
  3. Eg brenn etter deg (I burn for you)
  4. Etter i kveld (Consider me gone)
  5. Andedrag (Every breath you take)
  6. Aks av gull (Fields of Gold)
  7. Mitt hovud hang (I hung my head)
  8. Utan deg (Mad about you)
  9. Ånd omgitt av ting (Spirits in the material world)
  10. Te i Sahara (Tea in the Sahara)
  11. Roxann (Roxanne)

Tekstar

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Aks av gull

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: A. Schøld

Du vil hugsa meg når ein vestavind
stryk dei gylne aksa.
Du lar sol ver’ sol, der ho skin sjalu,
mens me går i gylne enger.

Ho tok sin kjære med for å sjå ei stund
på dei gylne aksa.
I hans mjuke famn sank ho ned, og han 
– han blei ei gyllen eng.

Eg gav aldri lovnader lett, eg,
og det har vore nokre eg braut.
Men eg lover: av dagane igjen
skal me gå blant aks av gull.
Me går blant aks av gull.

Vil du bli hos meg? Ver min kjære, du,
her blant dei gylne aksa.
Me lar sol ver’ sol, der ho skin sjalu,
mens me ligg i gylne enger.

Kjenn på vestavind’ – som ein elskar stryk han
mjukt dei gylne aksa.
Hennar kropp stig opp når de kyssar løynd,
uti ei gyllen eng.

Eg gav aldri lovnader lett, eg,
og det har vore nokre eg braut.
Men eg lover: av dagane igjen
skal me gå blant aks av gull.
Me går blant aks av gull.

Mange år har gått si’ den sommarsdag,
der blant dei gylne aksa.
Sjå kor borna spring der mens sol går ned,
uti ei gyllen eng.

Du vil hugsa meg når ein vestavind
stryk dei gylne aksa.
Du kan sei’ til sol, der ho skin sjalu,
at me gjekk blant aks av gull.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Andedrag

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

For kvart eit andedrag,
for kvart eit hjarteslag,
kvart eit band du bryt,
hjartepil du skyt
– vil eg vakta deg.

For kvar ein soloppgong,
for kvar ei lygetrong,
kvart eit spel på gong,
kvar ein nattesong
– vil eg vakta deg.

For berre du
er mi eine, du.
Eg er smerta vár
for kvart eit steg du tar.

For kvart eit hofteskot,
for kvart eit lovnadsbrot,
kvar falsk latterlåt,
krav du seier er vårt
– vil eg vakta deg.

Då du gjekk, stod eg att utan eit ord.
Eg drøymer natt etter natt om dine andletsspor.
Eg vil leita, men eg skjønar ikkje kor.
Eg er så kald, og eg lengtar til di jord.
Høyr kor eg ber deg, ber deg, høyr meg, høyr…

For berre du
er mi eine, du.
Eg kjenner smertejag
med dine andedrag.

Kvart eit ord som fell,
kvart eit ord du held,
for kvart andedrag,
kvart bylgjeslag
– vil eg vakta deg.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Skjøre

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: A. Schøld

Om blodet flyt, når kjøt og stål blir eitt
og speglar seg i solefall i ei steinur, heit,
Så kjem det regn og vaskar væta bort,
men alltid ligg det litt igjen i oss

Ja, kanskje denne handlinga 
skulle slå fast gamle sanninga
At aldri kjem det godt or vald, 
Nei, aldri i noko fall
For dei som bur utan lykkestjerna nær 
Er eg redd me gløymer kor skjøre me er

Regnet fell uendeleg 
som tårer frå der
kor stjernene er
Regnet seier om igjen
Kor skjøre me er 
Kor skjøre me er

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Eg brenn etter deg

T: Kjell Inge Torgersen, M: Sting. Arr.: Aril Schøld.

Tenk at eg har møtt deg.
I brisen frå smilet ditt,
i skuggen frå din parasoll,
flør din kjærleik i meg
Sjølv om eg drikk av ditt vatn,
brenn eg etter deg.
Eg brenn…

Du og eg, me elskar.
Mens natta kvelvar seg ikring, og
me slumrar samanslynga,
flør din kjærleik i meg.
Sjølv om eit heilt hav lindrar,
brenn eg etter deg.
Eg brenn etter deg.
Eg brenn… etter deg.

Stjerner fell frå himmelen.
Mens eldgamle steinar banar veg, og
stilla fyller rommet,
flør din kjærleik i meg.
Sjølv om eg ligg her urørleg,
brenn eg etter deg.
Eg brenn… etter deg.

 

 

Bilete

Omslaget til albumet Aks av gull. Design: Kjell Ramsdal. Foto: Henning Carr Ekroll
Omslaget til albumet Aks av gull. Design: Kjell Ramsdal. Foto: Henning Carr Ekroll
Dagbladet kom på besøk i klosteret
Dagbladet kom på besøk i klosteret
Stavanger Aftenblad om innspelinga
Stavanger Aftenblad om innspelinga
Konsert på Jærnåttå
Konsert på Jærnåttå
Omtale frå Elvefestivalen på Nes
Omtale frå Elvefestivalen på Nes
Anmelding Aks av gull i Sarpsborg Arbeiderblad
Anmelding Aks av gull i Sarpsborg Arbeiderblad
Anmelding Aks av gull i Musiq.no
Anmelding Aks av gull i Musiq.no
Anmelding Aks av gull i Rogalands Avis
Anmelding Aks av gull i Rogalands Avis
Anmelding Aks av gull i Varden
Anmelding Aks av gull i Varden
Anmelding Aks av gull i Trønderavisa
Anmelding Aks av gull i Trønderavisa
Anmelding Aks av gull i Fredrikstad Blad
Anmelding Aks av gull i Fredrikstad Blad
Anmelding Aks av gull i Norsk Tidend
Anmelding Aks av gull i Norsk Tidend