Tidevatn

Originaltittel: All This Time
T/M: Sting. Til norsk ved: Kjell Inge Torgersen. Arr.: Aril Schøld.

Eg kikka ut over Vågen i dag.
Eg såg eit tårn gjennom skodda
ruva over byen vår, der kor duene rår.
Eg såg dei trøtte bryggarhestane lunta heim i neonlys,
det var to prestar på ei ferja og svaner i Vågen utan vintergys.

Og tidevatn
går opp og ned,
uendeleg,
i all slags vêr.

To prestar kom ned til oss i kveld.
Det var ein ung og ein gamal
for å be for døyande, og gje den siste olja vel.
Både lærar og elev skulle læra kaldvindens veg.
Å, dei olstra og dei flaug med kjortelty,
skal tru denne kråka vil drepa meg?

Og tidevatn
går opp og ned,
uendeleg,
i all slags vêr.

Om eg fekk det som eg ville,
tok eg båten ut,
og gav den gamle
hans siste kvila der.

”Velsigna er dei fattige, for dei skal arve jorda.
Betre å vera fattig enn feit og sitta fast i nålauga.”
Då desse orda falt den kvelden, høyrte eg den gamle lo:
”Kva er så bra med ei oppbrukt verd, og korfor skulle eg vilja ha ho?”

Og tidevatnet gjekk
opp og ned,
uendeleg,
som andedrag.
Og tidevatnet gjekk
opp og ned.
Høyr, prest, viss Jesus er til
så korfor har han ’kje budd her?

På skolen sa dei at vikingane samla seg her.
I store drageskip, med småkongar
og blod og sverd i hand og kledde i lær.
Dei levde og døydde, dei blota til Odin og Tor,
men fekk aldri eit svar.
Og stormakta forvitra, til alt som var igjen
var det jarnet som rusta tok.

Og tidevatnet gjekk
opp og ned,
mens sola sank
i nordishav.
Om eg fekk det som eg ville,
tok eg båten ut.
Me blir galne når me samlast
og me blir berre betre
ein og ein,
ein og ein og ein,
ein og ein,
ein og ein.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.