Om albumet Gnist

Albumet Gnist blei utgjeve i 2008 og inneheld 12 songar skrivne av Kjell Inge Torgersen med venner. Ole Paus og Jan Toft er med på duettar. Her finn du fleire tekstar.

Gnist er, på mange måtar, ein oppfølgjar til Aks av gull. Eg ville utforska det same akustiske landskapet me hadde skapt i Aks av gull, og denne gangen bringe eigne låtar til torgs. Låtane på albumet blei skrivne både før, under og etter Aks av gull, saman med gode vener.

Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Håkon Iversen. Utgjeve: daWorks (2008).

Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve av albumet.

Innspeling og miksing

Albumet er spelt inn som ei blanding av live og fleirspors studioopptak i Musiclab studio i landsbyen Randaberg utanfor Stavanger, nokre fine veker i mai 2008, med Kjell Westby som lydteknikar og positivt menneske. Låta Dag blir natt blei spelt inn i Dreamlab Studio for Kreftomsorg Rogaland-prosjektet “Uten deg”, med Inge Engelsvoll som teknikar. Alle arrangement var ved Aril Schøld. Produsentar Aril Schøld og Kjell Inge Torgersen. I lys av suksessen med Aks av gull, miksa Håkon Iversen også dette albumet, ein av Noregs framste produsentar og lydmenn på akustisk musikk (bl.a. produsert Bjørn Eidsvåg). Mastering i Cutting Room, Sverige, ved Sofia von Hage.

Musikarar: Aril Schøld (gitar og kor), Karl-Dag Kjosavik (kontrabass og kor), Bjarte Mo (fiolin), Ilmari Hopkins (cello), Kjell Emil Berge (kor på Naiv og Meir enn eit namn). 

Duettpartnarar: Ole Paus (Fugl av fred) og Jan Ingvar Toft (Dag blir natt).

Innspelinga fekk støtte frå Fond for utøvende kunstnere, kulturavdelingen i Stavanger kommune og Rogaland Fylkeskommunes kulturstipend. Takk til Kreftomsorg Rogaland for velvilje med Dag blir natt-innspelinga.

Albuminnleiing-versjon

Gnist er eit resultat av fleire års latskap. Eller lat oss seie "god tid". Alt må veksa, modnast, eldast, forkastast, hentast fram igjen, omstøtast. Når så den endelege augneblinken kjem, blir det armar og bein, fekting og herjing. Intenst, spennande, utmattande. Eg håpar noko av intensiteten, spenninga og utmattinga har funne rom i cd-spora.

Deler av dette albumet kom til lenge før Aks av gull, anna har blitt til etterpå og noko underveis. Stort sett er alt forma i ein prosess kor Aril og eg har møtst, maila, sendt uteljelege smsar, mms og truffe kverandre over ein gitar, ein opptakar – og ein god film.

Mottaking

Nedanfor finn du utklipp frå anmeldingar og presse.

Kjell Inge Torgersen gjer framleis utdrag frå albumet i sine konsertar. Booking her.

Innhald

  1. Stilla (T: Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld)
  2. Fugl av fred (duett med Ole Paus) (T: Emil Skartveit+Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld)
  3. Hold meg, tål meg (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  4. Naiv (T/M: Kjell Inge Torgersen)
  5. Gnist (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  6. Tapte slag (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  7. Dag blir natt (duett med Jan Ingvar Toft) (T: Emil Skartveit+Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld)
  8. Piknik i paradis (T: Kjell Inge Torgersen+Waade, M: Kjell Inge Torgersen)
  9. Rendezvous  (T: Kjell Inge Torgersen+Waade, M: Kjell Inge Torgersen)
  10. Meir enn eit namn (T: Kjell Inge Torgersen+Waade, M: Kjell Inge Torgersen)
  11. Får eg sjå deg (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  12. Lumske spel (T: Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen + Aril Schøld)

 

Tekstar

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Stilla

T: Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld

Han kan telja timar og minutt,
han kan selja sjela jamt og trutt
og pusha jubelbrus.

Høyr korleis det brusar i husa,
sjå korleis eit nettverk blir reisverk,
venner er forretning, alle
har ein kurs.

Men stilla, stilla,
ein sommarkveld
– eit hulrom i tid og ein venn.
Å finna ei stilla:
ubetaleleg / om me tør / uoppnåeleg?

Han kan gjera fleire ting samtidig,
det er beste måten å ver’ til.
Alle veit at arbeid adlar mannen.

Ute er det kaldt og vått i vêret,
inne held han varmen sjølv med preiket:
Nå skal han tenna verda
med ting folk ikkje har sett.

Stilla bor i graset,
stilla gror i sky,
er mellom fuglesongen
– og følgjer skota...
 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Hold meg, tål meg

T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld

Og så var det du
som skulle målast, vegast, setjast til veggs.
Og så var det eg
som fekk jobben å gjør' deg avleggs.

Så eg følgjer deg,
du har bruer eg vil brenna med min eld.
Nei, eg er 'kje snill,
og min iver reint udødeleg.

Du er redd for å sjå
at spegelen seier klårt ifrå:
Den Nye Vinen pressar på
– og me er framifrå.

Men hold meg!
Ikkje slepp meg, tål meg.
Eg kan ikkje gå aleine med
den børa som blei lagt på meg
den dagen eg blei til.

Så her komme eg, 
med både svar og spørsmål, allting er på rams.
Eg treng ikkje deg.
Eg har brukt din kam og skifta ham.

Men det er rart,
alt det du har lært, kan ikkje eg.
Og du gjør deg smart
– du byggjer bruer berre du kan brenna.

Eg er redd, eg òg, å sjå
at spegelen seier ifrå:
Den Nye Vinen pressar på
– er framleis framifrå...

Så hold meg,
ikkje slepp meg, tål meg.
Eg kan ikkje gå aleine med
den børa som blei lagt på meg
den dagen eg blei til.

Ja, hold meg fast,
tål meg og hold ut mi last.
Stryk meg på mitt kinn og vink meg inn,
gje meg tru og kall på meg, venn – vinn mitt sinn.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Fugl av fred

T: Emil Skartveit+Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld

Ingenting er lenger som det var.
Det som var heilt stille, er blitt opprørt hav.
Tunge, trøytte tankar, kjem så tett.
Dei som krev så mykje, vil ha stadig meir av meg,
og eg kjenner at eg – å, eg kjenner at eg er
så trøytt…

Fugl av fred,
ta meg med.
Fugl av fred
– heim til deg.

Dagen er visst over, det mørknar imot natt.
Stemmer fylte rommet, nå har alle dratt
med alle krav og ønskjer, alt dei sa.
Ser meg tomt tilbake, ser og tenkjer: ”Var det alt?”
Og eg kjenner at eg – å, eg kjenner at eg er
så trøytt…

Fugl av fred,
ta meg med.
Fugl av fred
ta meg med.

Fugl av fred,
ta meg med.
Fugl av fred
– heim til deg.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Dag blir natt

T: Emil Skartveit (etterarbeida av K.I. Torgersen), M: Kjell Inge Torgersen + Aril Schøld

Kvelden synge sangen om i går.
Kvelden synge ordå du har sådd.
Kvelden synge sangen om alt det goa som va.
Kvelden synge dagen e forbi.
Kvelden synge om minner å kvila i.
Kvelden synge sangen om alt som va ein gang –
om alt som va, om fotefar, om alle svar du ba om.

Dag blir natt – 
det som e, blir igjen.
Som du kom, står du tomhendt hen.
Ein vei å gå, det e 'kje lett å forstå
at ein dag ligge alt me har, bag.

Kvelden synge nattå komme nå.
Kvelden synge dagen ittepå.
Kvelden synge sangen om alt som komme ein dag.
Kvelden synge aller siste sang.
Kvelden synge slutten vår ein gang.
Kvelden synge livet ditt e nå, at alt e nå!
– at alt e nå, for ung og grå, du kan ikkje spara på nå.

Dag blir natt – 
det som e, blir igjen.
Som du kom, står du tomhendt hen.
Ein vei å gå, det e 'kje lett å forstå
at ein dag ligge alt me har, bag.

Ein dag ligge alt me har, bag...

 

 

Bilete

Anmelding av Gnist i Bergens Tidende
Anmelding av Gnist i Bergens Tidende
Anmelding av Gnist i Rogalands Avis
Anmelding av Gnist i Rogalands Avis
Anmelding av Gnist i Vårt Land
Anmelding av Gnist i Vårt Land
Omslaget til albumet Gnist. Design: Morten Ingebretsen. Foto: Dag Knudsen
Omslaget til albumet Gnist. Design: Morten Ingebretsen. Foto: Dag Knudsen