Singel: Eg fant ein ring (2017)

4. august blei singelen "Eg fant ein ring" sluppe. Både NRK P1 og Ordentlig Radio la han inn på sine spelelister.

Eg fant ein ring fortel om ei av desse små hendingane i livet, ei tilfeldigheit, berre, som plutseleg set eit skred av minner i gong. 

Og slik historia blir folda ut i songen, er faktisk óg tilverkinga av sjølve songen eit puslespel. Både Odd Ragnar Waade og Kjell Reianes har små aksjer i låta, i tillegg til produsentane Ruben Dalen og Stian S. Hansen (Dal'hansen).

Det byrja slik: Eit riff frå litt gitarleik ein ettermiddag hos Kjell Reianes sådde eit lite frø i Kjell Inge. Eg lot ideen gro og tok han med seg til Oslo for å jobbe ut inspirasjonen til ei ny låt i samarbeid med Dal'hansen-gutta. Vel heime igjen, spelte eg resultatet for Waade, som gjennom si analytiske tilnærming utfordra Kjell Inge til å bearbeide låta endå litt meir, med konkrete innspel. Meir knaing, meir elting, meir pønsking.

Ekstra stas var det at NRK P1 la låta inn på spelelista si frå 4. september 2017, fyrst B-liste – og så rykka den opp til A-liste frå 18.9.2017!

Du kan lese om heile albumet, og finne teksten til songen, her.

Høyr han her:

Bilete

Singelcover Eg fant ein ring • Design: tilfellet.torgersen as • Foto: Morten Berentsen
Singelcover Eg fant ein ring • Design: tilfellet.torgersen as • Foto: Morten Berentsen

Meir frå kategorien musikk