Om albumet Gnist

Albumet Gnist blei utgjeve i 2008 og inneheld 12 songar skrivne av Kjell Inge Torgersen med venner. Ole Paus og Jan Toft er med på duettar. Her finn du fleire tekstar.

Gnist er, på mange måtar, ein oppfølgjar til Aks av gull. Eg ville utforska det same akustiske landskapet me hadde skapt i Aks av gull, og denne gangen bringe eigne låtar til torgs. Låtane på albumet blei skrivne både før, under og etter Aks av gull, saman med gode vener.

Produsent: Kjell Inge Torgersen og Aril Schøld. Miks: Håkon Iversen. Utgjeve: daWorks (2008).

Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve av albumet.

Innspeling og miksing

Albumet er spelt inn som ei blanding av live og fleirspors studioopptak i Musiclab studio i landsbyen Randaberg utanfor Stavanger, nokre fine veker i mai 2008, med Kjell Westby som lydteknikar og positivt menneske. Låta Dag blir natt blei spelt inn i Dreamlab Studio for Kreftomsorg Rogaland-prosjektet “Uten deg”, med Inge Engelsvoll som teknikar. Alle arrangement var ved Aril Schøld. Produsentar Aril Schøld og Kjell Inge Torgersen. I lys av suksessen med Aks av gull, miksa Håkon Iversen også dette albumet, ein av Noregs framste produsentar og lydmenn på akustisk musikk (bl.a. produsert Bjørn Eidsvåg). Mastering i Cutting Room, Sverige, ved Sofia von Hage.

Musikarar: Aril Schøld (gitar og kor), Karl-Dag Kjosavik (kontrabass og kor), Bjarte Mo (fiolin), Ilmari Hopkins (cello), Kjell Emil Berge (kor på Naiv og Meir enn eit namn). 

Duettpartnarar: Ole Paus (Fugl av fred) og Jan Ingvar Toft (Dag blir natt).

Innspelinga fekk støtte frå Fond for utøvende kunstnere, kulturavdelingen i Stavanger kommune og Rogaland Fylkeskommunes kulturstipend. Takk til Kreftomsorg Rogaland for velvilje med Dag blir natt-innspelinga.

Albuminnleiinga i ny versjon

Gnist er eit resultat av fleire års latskap. Eller lat oss seie "god tid". Alt må veksa, modnast, eldast, forkastast, hentast fram igjen, omstøtast. Når så den endelege augneblinken kjem, blir det armar og bein, fekting og herjing. Intenst, spennande, utmattande. Eg håpar noko av intensiteten, spenninga og utmattinga har funne rom i cd-spora.

Deler av dette albumet kom til lenge før Aks av gull, anna har blitt til etterpå og noko underveis. Stort sett er alt forma i ein prosess kor Aril og eg har møtst, maila, sendt uteljelege smsar, mms og truffe kverandre over ein gitar, ein opptakar – og ein god film.

Mottaking

Nedanfor finn du utklipp frå anmeldingar og presse.

Kjell Inge Torgersen gjer framleis utdrag frå albumet i sine konsertar. Booking her.

 

Innhald

  1. Stilla (T: Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld)
  2. Fugl av fred (duett med Ole Paus) (T: Emil Skartveit+Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld)
  3. Hold meg, tål meg (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  4. Naiv (T/M: Kjell Inge Torgersen)
  5. Gnist (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  6. Tapte slag (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  7. Dag blir natt (duett med Jan Ingvar Toft) (T: Emil Skartveit+Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld)
  8. Piknik i paradis (T: Kjell Inge Torgersen+Waade, M: Kjell Inge Torgersen)
  9. Rendezvous  (T: Kjell Inge Torgersen+Waade, M: Kjell Inge Torgersen)
  10. Meir enn eit namn (T: Kjell Inge Torgersen+Waade, M: Kjell Inge Torgersen)
  11. Får eg sjå deg (T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld)
  12. Lumske spel (T: Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen + Aril Schøld)

 

Tekstar

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Stilla

T: Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld

Han kan telja timar og minutt,
han kan selja sjela jamt og trutt
og pusha jubelbrus.

Høyr korleis det brusar i husa,
sjå korleis eit nettverk blir reisverk,
venner er forretning, alle
har ein kurs.

Men stilla, stilla,
ein sommarkveld
– eit hulrom i tid og ein venn.
Å finna ei stilla:
ubetaleleg / om me tør / uoppnåeleg?

Han kan gjera fleire ting samtidig,
det er beste måten å ver’ til.
Alle veit at arbeid adlar mannen.

Ute er det kaldt og vått i vêret,
inne held han varmen sjølv med preiket:
Nå skal han tenna verda
med ting folk ikkje har sett.

Stilla bor i graset,
stilla gror i sky,
er mellom fuglesongen
– og følgjer skota...
 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Hold meg, tål meg

T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld

Og så var det du
som skulle målast, vegast, setjast til veggs.
Og så var det eg
som fekk jobben å gjør' deg avleggs.

Så eg følgjer deg,
du har bruer eg vil brenna med min eld.
Nei, eg er 'kje snill,
og min iver reint udødeleg.

Du er redd for å sjå
at spegelen seier klårt ifrå:
Den Nye Vinen pressar på
– og me er framifrå.

Men hold meg!
Ikkje slepp meg, tål meg.
Eg kan ikkje gå aleine med
den børa som blei lagt på meg
den dagen eg blei til.

Så her komme eg, 
med både svar og spørsmål, allting er på rams.
Eg treng ikkje deg.
Eg har brukt din kam og skifta ham.

Men det er rart,
alt det du har lært, kan ikkje eg.
Og du gjør deg smart
– du byggjer bruer berre du kan brenna.

Eg er redd, eg òg, å sjå
at spegelen seier ifrå:
Den Nye Vinen pressar på
– er framleis framifrå...

Så hold meg,
ikkje slepp meg, tål meg.
Eg kan ikkje gå aleine med
den børa som blei lagt på meg
den dagen eg blei til.

Ja, hold meg fast,
tål meg og hold ut mi last.
Stryk meg på mitt kinn og vink meg inn,
gje meg tru og kall på meg, venn – vinn mitt sinn.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Fugl av fred (duett med Ole Paus)

T: Emil Skartveit+Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen+Aril Schøld

Ingenting er lenger som det var.
Det som var heilt stille, er blitt opprørt hav.
Tunge, trøytte tankar, kjem så tett.
Dei som krev så mykje, vil ha stadig meir av meg,
og eg kjenner at eg – å, eg kjenner at eg er
så trøytt…

Fugl av fred,
ta meg med.
Fugl av fred
– heim til deg.

Dagen er visst over, det mørknar imot natt.
Stemmer fylte rommet, nå har alle dratt
med alle krav og ønskjer, alt dei sa.
Ser meg tomt tilbake, ser og tenkjer: ”Var det alt?”
Og eg kjenner at eg – å, eg kjenner at eg er
så trøytt…

Fugl av fred,
ta meg med.
Fugl av fred
ta meg med.

Fugl av fred,
ta meg med.
Fugl av fred
– heim til deg.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Dag blir natt (duett med Jan I. Toft)

T: Emil Skartveit (etterarbeida av K.I. Torgersen), M: Kjell Inge Torgersen + Aril Schøld

Kvelden synge sangen om i går.
Kvelden synge ordå du har sådd.
Kvelden synge sangen om alt det goa som va.
Kvelden synge dagen e forbi.
Kvelden synge om minner å kvila i.
Kvelden synge sangen om alt som va ein gang –
om alt som va, om fotefar, om alle svar du ba om.

Dag blir natt – 
det som e, blir igjen.
Som du kom, står du tomhendt hen.
Ein vei å gå, det e 'kje lett å forstå
at ein dag ligge alt me har, bag.

Kvelden synge nattå komme nå.
Kvelden synge dagen ittepå.
Kvelden synge sangen om alt som komme ein dag.
Kvelden synge aller siste sang.
Kvelden synge slutten vår ein gang.
Kvelden synge livet ditt e nå, at alt e nå!
– at alt e nå, for ung og grå, du kan ikkje spara på nå.

Dag blir natt – 
det som e, blir igjen.
Som du kom, står du tomhendt hen.
Ein vei å gå, det e 'kje lett å forstå
at ein dag ligge alt me har, bag.

Ein dag ligge alt me har, bag...

 

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Naiv

T/M: Kjell Inge Torgersen

Nå skal me samlast og le litt av dei som trur
på det folk seier, på livsløgn og folkepreik.
Og slik er leksa: Du skal læra sjølvdressur
og er du med oss, ver ikkje naiv og veik.

Å,
var eg naiv?
Eg vil ’kje ver’ naiv.
Men framleis trur eg på ord.
Ja, om folk lyger,
så veit dei nok at dei smyger.
Dei tar ‘kje feil: Eg er naiv.

Eg har vel ofte kledd meg ut og opp i stas,
med heva bryn drive folk langt i maskepi.
Men sanninga, ho er den at min harselas
var eit skjul, eg var veik og dreiv naivt med vind.

..
Eg trur på ord,
eg trur på folk,
at eit ord er eit ord
og ein dolk ein dolk.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Gnist

T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld

Lat meg sjå gnist i kveld,
logar i mjuke kar,
smaka på sakte ord,
sløva ei stram fornuft
som fór, som var.
Lat ein gnist få flamma opp i kveld.
Lat me ver’ alt me har.

For mellom oss
går finast’ tråd,
sydd hjartefast
så djupt som råd.
Djupt i ditt,
djupt i mitt,
hjartedjup,
hjartestup.

Bygg meg eit hus av kort.
Reis for meg spir av sand.
Fang meg eit stjerneskot!
Ta meg til slott av luft,
eg følgjer fram.
Eg tar alt du gir meg, same kor
– skjørt det er gjort.

 

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Tapte slag

T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld

Tapte slag.
Ingen av oss står.
Frå kvar vår skyttargrav
driv dunst av sorg og krav.

Midt i strid,
utan framtidstru,
står den underlege lengten der...

Din latter tindrar
– minner om dagar...
Eg skal jo verna deg
mot oss.

Eit sekund
ser eg glimt av dag.
Men så er kvila slutt;
me flerrar kvite flagg.

Fine smil
og høflegheit blir kvesst,
men kvasse ord er våpen flest.

Latter løyser knutar.
Din latter
...skin!

Me veit alt gjort og gløymt,
kva tårer felt, latter spent
over vår livsens kvelv.

Sjå, me
puslar det som blei knust,
pustar til eld frå fyrst,
dreper eit nøkketroll.
Du og eg: kvarandres skjold.

Din latter tindrar,
skin og jagar...
Me skal jo verna oss
mot oss.

 

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Piknik i paradis

T: Kjell Inge Torgersen, inspirert av ein engelsk tekst av Waade, M: Kjell Inge Torgersen

Me gjør alltid alt me kan,
gjør magen stor og auga mett.
Me forlanger alle mann
at skitne vatn klarnar lett.
Me har sirkulert ein tannstikkar,
stukke hol i himmelkvelv,
bunde for ein fugleveng 
og skrive logg frå fjerne land
kvar kveld.

Gje, gje, gje meg ingenting,
eg krev ingenting
– bare
piknik i paradis,
piknik i paradiset.

Og vår rikdom blei vår flukt,
ei steril og steinfri frukt,
flukt frå alle nederlag
mot eit evig lykkejag.
Me ser ein høgoppløyst komet
passera ein febertrøytt planet,
går til sengs i trygge rom
med sjelefred i pilleform.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Rendezvous

T: Kjell Inge Torgersen + Waade, M: Kjell Inge Torgersen med fødselshjelp av Aril Schøld

Så ser eg føter dansa, men eg kjenner ingen beat.
Om talartunger brenn, så når det ingen varme hit.
Eg vil bli sveitt, men liknar meir eit lik.

Jo, eg ser peikefingeren din mot den laissez faire
som politikken putlar med, men alt eg ser er lufta der.
Me er nære, men i tankar langt ifrå.

Eg ser oss dansa i krampar – eit rendezvous
utan sjans’ å mingla, og stemmen er ru,
og kvar ei linje me vekslar blir eit intervju.
Inga kjensle av at eg er du.

Fridom er eit skot som rasar gjennom mine kar.
Fridom held jo handa si over mine barn.
Slik sola gir, slik fryktar eg ho tar.

Fridom er ei vare eg kan kjøpa og by fram
straks fienden er daud og kald og rettferd er lam.
Eg ropar hans, tru om Fridom kan mitt namn?

..
I dag er eg litt eldre enn i går.
Eg byrjar lika alle vanene eg får.
Ein framand må fortena å bli venn,
formildande omstende,
kven bryr seg om dei?

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Meir enn eit namn

T: Kjell Inge Torgersen, inspirert av ein engelsk tekst av Waade, M: Kjell Inge Torgersen

Midt i livet slapp du mi hand.
Eg var ni då min bror blei ein mann.
Sterk og kravstor greip kulda klamt.
Folk snakka om sorg, hemmeleg sorg.

Kva er du, meir enn eit namn?
Eit namn som eg tok,
ei historiebok?
Alt du var som eg ikkje fann;
det er nå slik at for tida
er fortida di.

Korleis gjer eg det du ikkje?
Korleis skal eg skapa tryggleik og fred?
Midt i steget står eg og trør;
korleis skal det ver’, korleis blir eg betre?

..
Eg kjenner hjarta hamra
når eg kviskrar ditt namn.
Det er ein lyd som larmar,
– og seier meg at eg må gå sjølv.
Ei underleg takk ligg i tap,
for det som gjekk tapt
er det som eg fekk.

Kva er du, meir enn eit namn?
Eit namn som eg tok, ei historiebok?
Er du han som eg trur eg fann?
Eg vil det jo slik:
at fortid og nåtid blir mi.

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Får eg sjå deg i morgon?

T: Kjell Inge Torgersen, M: Aril Schøld

Du sa du ville ha meg som eg var.
Du sa du kunne sjå meg som eg er.
Eg er ‘kje sikker om eg ser det sjølv,
men han du ser, han er vel meg?
Eg håper:

Får eg sjå deg i morgon,
eller aldri meir?
Gjør du glede av sorger
eller ventar fleir’?

Du sa eg var sur, men eg var ganske blid.
Du kalla meg mild, men yppa sjølv til strid.
Eg ville alt, og alt eg ville var
å vera den du meinte eg skulle vera.

Får eg sjå deg i morgon,
eller aldri meir?
Gjør du glede av sorger
eller ventar fleir’?

Får eg sjå deg i morgon,
eller aldri meir?
Om eg viskar ut tårer,
tåler du då meir?

Eg ser kor det går;
eg blir til ein annan enn meg sjølv.
Men gje meg sol og ureidd seng...

 

 

NB! Tekstane er kopibeskytta. Du kan ikkje nytte dei utan tilsagn - verken analogt eller digitalt.

Lumske spel

T: Kjell Inge Torgersen, M: Kjell Inge Torgersen + Aril Schøld

Jo, eg er her som før,
i slitne, lånte fjør.
Det var slumpens lumske spel,
som tok meg hit eg trudde eg
skulle finna meg.

Nå sit eg her og døyr
med kloke og gjentar: “Høyr,
me veit nok kva er rett.
Me angrar berre bittelitt.”
Eg skulle gått,
gjort nakken bar,
gjort gut til kar,
mann til far.

La meg få
riva skjebnen frå
slumpens bisseltak,
slumpens gisseltak.
Eg tar tida i mi hand,
blir eigen overmann.
Fri frå slumpens tak,
under himmeltak…

Men underdanigheit,
og deilig, kraftlaust vit
som held meg her eg er,
er drivkraft nok for mange år
i lunkne kår.

Om sjansen til å tru
at eg kan kom, vill' eg då snu?
Leitar eg bakovervendt
for å finna vegen fram?
Jo, slumpen er ein nesten-venn,
som ei kvila på
flaskebotnen.

..
Sjølv om dei seier at
Valets kval er verste kval,
så heller kval enn – fugl.
Mens kval er krass og krevjer plass,
gjør lånte fjør meg ful.
Kjenn, nå dirrar tida i mi hand:
eg vel kval... når eg kan.

 

 

Bilete

Anmelding av Gnist i Bergens Tidende
Anmelding av Gnist i Bergens Tidende
Anmelding av Gnist i Rogalands Avis
Anmelding av Gnist i Rogalands Avis
Anmelding av Gnist i Vårt Land
Anmelding av Gnist i Vårt Land
Omslaget til albumet Gnist. Design: Morten Ingebretsen. Foto: Dag Knudsen
Omslaget til albumet Gnist. Design: Morten Ingebretsen. Foto: Dag Knudsen