

Etter eitt års pause, er Kjell Inge Torgersen tilbake med Julelegender:2018. Nyt ei god førjulshistorie, ny og kjend musikk – i sjølvaste Bispekapellet!
Bispekapellet: 17., 18. og 19. desember, kl. 18 og 20.
>> eller ring HAVANAMAGASINET, tlf. 51 89 49 70
Etter eitt års opphald og plateslepp, inviterer Kjell Inge Torgersen til nye Julelegender – ei skuldersenkande og annleis juleoppleving. I år går han tilbake til der alt starta i 2009, til Bispekapellet, dette vesle konserthuset med utsøkt akustikk og særeigen stemning. Julelegender har sidan blitt mange forestillingar både i Stavanger og på reise til mange stader i landet. Også albumet "Julelegender" (2011) kom ut av desse forestillingane og resulterte både i opptreden på sjølvaste Kvelden før Kvelden på NRK, og i A-listing på NRK P1 med låta "Stjernenatt".
Gitarist og arrangør Aril Schøld står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.
Sidan 2009 har mange legender blitt fortald, og jula er også ei tid for overraskingar. Så i år blir det ny, god historie, i skikkeleg Julelegender-tradisjon.
Stavanger Aftenblad har tidlegare kasta fleire terningkast 5 for forestillingane og kalt dei
...ei "befriende julestund" med "dristige tolkninger".
Mange begeistra tilbakemeldingar har kome frå folk etter utselde forestillingar. Moster Amfi seier:
«Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar – og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant.»
Julelegender har blitt ein tradisjon for mange – og er noko meir enn ein vanleg julekonsert. Familie og vener får her høyre både ei god historie, og ny og kjend musikk som høyrer jula til – nesten som i eit visuelt radioteater.
Velkommen til årets Julelegender!
Forestillinga er eit ein produksjon av tt.music, i samarbeid med Grafo trykkeri.