Mudderlys - tilgjengeleg i førehandssal

https://www.skvis.no/artister/kjell-inge-torgersen

--

Nå tenkjer du – ei cd-utgjeving? Kven gjer ut dét lenger? Jo, det har blitt sjeldan. Men eit fysisk album er noko _meir_. Det er musikk å halde i handa, kjenne på, sjå på, trekke ut tekstheftet, bla litt, lese om folka som er med, for det er jo folk, mange gode folk, som har gjort eit stykke arbeid. Det er noko du kan gje bort til nokon du er glad i. Og cd-en? Den puttar du i cd-spelaren i bilen. Eit musikkalbum i strømmingas tid. Motstrøms.

Dette er det fjerde albumet mitt. For dei som har fulgt meg, lyder det nok annleis enn før. Men for meg er dette heimtraktene. Heilt frå eg som ungfole kjøpte min første synth (ein Roland JX-3P med Cube 60 forsterkar frå Sagevik musikk), har eg kjent ei dragning mot elektrisk musikk. Difor er det som eit djupt andedrag ned i grottene i solar plexus når eg nå går tilbake til studioarbeid og leiker med elektriske instrument. 

På «Mudderlys» samarbeider eg med duoen Dal’hansen (Stian Schøld Hansen og Ruben Dalen), to karar eg har kjent i lang tid, og som eg har jobba med i parallelle prosjekt, av og på sidan 1999. Påska 2015 møttest me i Oslo og saman leika me tri oss fram til eit nytt lyd­univers, noko eg opplever som ein frapperande miks av elektroniske og akustiske uttrykk.

Albumet blir lansert 8. september og blir gjeve ut av daWorks. "Skvis" er nettbutikken til distributøren: https://www.skvis.no/artister/kjell-inge-torgersen

 

 

Bilete

test
test

Meir i kategorien aktuelt