Om albumet Julelegender

Albumet Julelegender frå 2011 inneheld 11 spor, med ei veksling mellom nyskrivne songar, gjendiktingar av anglo-amerikanske julesongar og tradisjonsrike norske julestemningar. Stjernenatt blei A-lista av NRK P1 riks. Nederst i artikkelen her finn du fleire tekstar.

Julelegender er ei fullstendig nyinnspeling av ein katalog songar om Kjell Inge har hatt med seg i lang tid. Til dette albumet blei Håkon Iversen spurt om å innta både produsentrolla og mikse. Han har deltatt som fabelaktig miksar av både Aks av gull og Gnist. Inspirasjonen kom frå ei forestillingsrekkje med same namn som Kjell Inge har sunge, spelt og produsert.

Produsent: Håkon Iversen. Miks: Håkon Iversen. Arr.: Aril Schøld i samspel med Håkon Iversen og Kjell Inge Torgersen. Mastering av Giert Clausen, Fersk Lyd i Oslo. Utgjeve: daWorks (2011).

Kontakt Kjell Inge Torgersen om du ønskjer signert utgåve av albumet.

Innspeling og miksing

Albuminnspelinga blei påbegynt påska 2011 heime hos Aril Schøld i hans nybygde kjellarheimestudio, med det målet å lande alt grunnkomp i løpet av desse påskedagane. For å skape ei tett og intens atmosfære, slik stemninga var i alle forestillingar med "Julelegender", bestemte me oss for at så nær som råd, skulle alle instrument spelast av dei tri involverte: Kjell Inge Torgersen, Aril Schøld og Håkon Iversen.

Det meste av perkusjon speler Aril Schøld - på allverdas flightcasar, kinesiske kuleramer, eit lokk til ein Singer symaskin, på eigne lår (høyr beaten som går på Tre skip). Utover april, mai og juni blei mellom anna ein svært underhaldande innspelingsession med baryton, euphonium og tuba gjort av dei gamle korpsmusikarane Kjell Inge og Aril. (Takk til Sokndal kulturskule for lån av innspelingsrom mens me var på besøk i Sokndal for å gjere ein konsert.) Stortromma på Fager er jorda er lånt av Riska musikkorps, spelt av Kjell Inge. Vidare gjorde Aril, Håkon og Kjell Inge innspeling av diverse andre instrument kvar for seg, med Dropbox som prosjektlim. Alt pianospel, melodica og klokkespel er gjort heime i stova til Kjell Inge.

Med eit stort smil oppdaga Kjell Inge at duren til rullebandet på pantemaskina var nøyaktig stemt i rett toneart

Morofakta Mens Kjell Inge sto og panta flasker på den lokale butikken samstundes som han lytta på ein tidleg miks av Tre skip på øyretelefonar, høyrte han med eitt ei drivande drone, ei surklande ande som gurgla under det heile - og han skjøna ingenting. Før han med eit stort smil oppdaga at duren til rullebandet på pantemaskina var nøyaktig stemt i rett toneart. Han skyndte seg å ta opp duren på iPhonen sin - og den kan du høyre som ein sugande tone like før "og alle jordas sjeler syng".

Musikarar Kjell Inge Torgersen: vokal, kor, piano, melodica, glockenspiel, euphonium, b-bass, stortromme, peiseld, Tomra panteautomat. Aril Schøld: ymse gitarar, mandolin, lap-steel, kor, althorn, baryton, euphonium, kinesisk kuleramme, Singer symaskinkasse, flightcase til bass, nøkkelknipper, skumgummiplater, lår, tomesker. Håkon Iversen: bass. Unni Hodne: Flygelhorn. Domkirkens Pikekor: kor på Stjernenatt, Fager er jorda, Stille natt og Tre skip. Spesielt takk til Ulrikke Andrea Torgersen, Nora Elida Svendsen Kvam, Elina Aurora Tang-Wa Pedersen og Tale Wille Stormark for ekstrakoring og ekstrahvisking. Kordireksjon og koring: Ragnhild A. Hadland

Innspelt med støtte frå Fond For Utøvende Kunstnere og Fond For Lyd og bilde.

 

Til jula høyrer to ting: forteljing og song. Eg ville skapa ei forestilling som tok begge desse tinga opp i seg

 

Albuminnleiing

Jula ligg som ein varm og lun krok i huset når året elles har gått i skjul. Lysa. Lydane. Luktene; minnet om far min med ein feit havanasigar og lukta av framande land (elles i årets røykte han stinkande rulletobakk), dufta av maten, kvaen, peiseld gnistrande av stjernesong, angen av fullstappa kyrkje, dei varme, nære kroppane, lyden frå menneska, synet av julekrubba, juletreet. Stjerna i stjernenatta.

Til jula høyrer to ting: forteljing og song. Eg ville skapa ei forestilling som tok begge desse tinga opp i seg – og berre det. I 2009 spelte eg for fyrste gong Julelegender i Stavanger. 8 forestillingar, som blei til 10 med ekstraoppsetjingar. Eg fekk nytta Bispekapellet, eit lite, akustisk skattkammer midt i byen. Her sette eg opp ei forestilling med ei forteljing av Selma Lagerlöf og fletta inn julemusikk som eg likte. Eg skreiv òg litt nytt, for mjuke pakkar høyrer sjølvsagt jula til. Aril Schøld var med meg på gitar, song og som sparringpartnar. Det var utruleg hyggeleg å sjå responsen frå publikum og lese god melding frå byens største avis. Året etter var det klårt at ei slik forestilling måtte gjentakast, denne gong med ny musikk. For meg var det noko tiltalande med roen, fråveret av julestress og konsentrasjonen om det enkle og reine – to stemmer og enkle instrument, ei sterk forteljing. I 2010 var det over 1000 menneske på besøk i vesle bispekapellet, og Stavanger Aftenblad skreiv: "Befriende julestund. Ny lydhørhet oppstår. Dristige tolkninger."

Eg drog òg ut på ein liten turne med stoffet. Det er rart: Kvart år blir det sluppe mange julealbum, og me syng dei same songane om igjen. Me må like rytmen i det kjende. I 2011 tok eg kontakt med Håkon Iversen, som har miksa begge dei førre norske albuma mine, om han denne gong kunne tenkje seg å produsere eit julealbum for meg. Festa musikken frå forestillingane til ei digital uendelegheit, men gjera det om igjen, som ei ny plate, eit heilskapt konsept.

Musikken er "dei små legendene" me syng til kvarandre, kvart år

Dette er ikkje ei liveplate. Den inneheld heller ikkje rein forteljing. Dette er dei “små legendene”, dei små juleforteljingane me syng kvart år, til kvarandre. Musikken har me difor spelt inn heime, hos Aril, hos Håkon og hos meg.

Mottaking

Albumet blei godt tatt imot av både kritikarar og publikum. Nedanfor finn du utklipp frå anmeldingar og presse. Nokre utdrag:

  • Oppland Arbeiderblad: “Og du verden hvor flott det låter når Torgersen synger 'Song om jul' i stedet for 'Christmas song' "
  • Østlendingen: “En nær og smakfull stemning som kan pålyttes året rundt. Dette er musikk, først og fremst.”
  • NRK P1 Norsk på Norsk: "Nær og fin plate. Nyskrevne låter føyer seg lett inn i helheten. Morsomt med amerikanske klassikere på norsk."

Stjernenatt blei A-lista på NRK P1 riks november-desember 2012.

Seks av songane frå albumet blei med på lista "Tidenes Beste Julesanger" hos Aftenbladet. Søk på "kjell inge" for å finne dei i lista :-) 

    Andre utgjevingar

    Stille natt blei med på kompilasjonen "God jul – A Scandinavian Christmas" utgjeven av Edel Records (2012) i Tyskland, Østerrike og Sveits. Inneheld m.a. bidrag frå: Bugge Wesseltoft, Solveig Slettahjell, Sondre Bratland, Carola, Odd & Sissel, D’Sound m.fl.

    Fager er jorda blei med på ei norsk samleplate, "Norsk jul, tradisjon og tro", jula 2014.

      Kjell Inge Torgersen gjer framleis forestillingen Julelegender - og utdrag frå dette albumet i sine andre konsertar. Booking her.

      Innhald

      1. Stille natt
      2. Julevals (The Christmas Waltz)
      3. Gled deg, allverd (Joy to the World)
      4. Stjernenatt
      5. Desse gylne dagar (Have yourself a Merry Little Christmas)
      6. Fager er jorda
      7. Song om jul (The Christmas Song)
      8. Det lyser i stille grender
      9. Tre skip (I Saw Three Ships Come Sailing In)
      10. Puslinganes jord
      11. Det har ei rosa sprunge

       

       

      Bilete

      Anmelding av Julelegender i Oppland Arbeiderblad
      Anmelding av Julelegender i Oppland Arbeiderblad
      Omtale av Julelegender i Nationen
      Omtale av Julelegender i Nationen
      Omtale av Julelegender i Dagen
      Omtale av Julelegender i Dagen
      Omtale av forestillingsserien Julelegender i Rogalands Avis
      Omtale av forestillingsserien Julelegender i Rogalands Avis
      Omtale av innspillingen av Julelegender i Stavanger Aftenblad
      Omtale av innspillingen av Julelegender i Stavanger Aftenblad
      Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
      Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
      Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
      Lansering av Julelegender i Nitimen NRK
      Omtale på NRK Morgennytt av Julelegender
      Omtale på NRK Morgennytt av Julelegender
      Kjell Inge vil ta julen tilbake
      Kjell Inge vil ta julen tilbake
      Omslaget til albumet Julelegender. Form: Jørn Dalchow. Foto: Morten Berentsen
      Omslaget til albumet Julelegender. Form: Jørn Dalchow. Foto: Morten Berentsen