Julelegender – i tre byar!

Julelegender tar ut på reise: Vær velkommen til ei ny førjulshistorie og ny og kjend musikk – i tre byar: Kristiansand, Oslo og sjølvsagt Stavanger. Alle tre byane blir besøkt i utsøkte kapell/konsertrom.

7.12.2010

Kjøp billettar her

Ansgarkapellet: 2. des. kl. 18
Capella Johannea (Majorstuen kirke) 10. des. kl. 18
Bispekapellet 16., 17. og 18. desember, kl. 18, 1930 og 21

>> eller ring Havanamagasinet, tlf 51 89 49 70 (Stavanger)

Velkommen til nye Julelegender!

For 10. gong inviterer Kjell Inge Torgersen til ei skuldersenkande og annleis oppleving. Og som kvart år: med ny legende og ny musikk.

Musikkalbumet "Julelegender" (2011) kom ut av forestillingane i Bispekapellet i Stavanger og resulterte i opptreden på sjølvaste "Kvelden før kvelden" på NRK, og i A-listing av låta "Stjernenatt".

Kom og få ei god, ny historie – og ny og kjend musikk som høyrer jula til. Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.

Han deler ekte julestemning med oss. Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Moster Amfi.)

I kapell i Sør-Noreg

I Stavanger er Kjell Inge Torgersen tilbake i Bispekapellet, der alt starta i 2009 – dette vesle konserthuset med utsøkt akustikk og særeigen stemning, midt i sentrum.

I Kristiansand inntar Kjell Inge Torgersen Ansgarkapellet, eit vakkert utsmykka kapell utført av kunstnar Kjell Nupen.

I Oslo besøker Kjell Inge Torgersen vakre Capella Johannea, som ligger i tårnfoten av Majorstuen kirke.

Speleplan

Kjell Inge Torgersen fortsetjer i år sin kritikarroste forteljingsserie i tre byar og legg ut heile 11 forestillingar.

2. desember kl. 18 • Ansgarkapellet, Kristiansand

10. desember kl. 18 • Capella Johannea (Majorstuen kirke), Oslo

16. desember kl. 18 (PREMIERE!) • Bispekapellet, Stavanger sentrum
16. desember kl. 19.30
16. desember kl. 21
17. desember kl. 18
17. desember kl. 19.30
17. desember kl. 21
18. desember kl. 18
18. desember kl. 19.30
18. desember kl. 21

Ansgarkapellet tar 80 gjester per forestilling

Capella Johannea (Majorstuen kirke) tar 70 gjester per forestilling

Bispekapellet tar 60 gjester per forestilling.

Billettar - også på papir

Til heile landet: Billettar kjøpast på Linticket.

Til Stavanger: Du kan óg kjøpe riktig forseggjorte, spesialtrykte billettar i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havanamagasinet i Stavanger sentrum. Du kan ringe dei på telefon: 51 89 49 70.

Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.

Befriende julestund med dristige tolkninger. (Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.)

Bilete

Julelegender:2019 – plakat Stavanger. (Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as)
Julelegender:2019 – plakat Stavanger. (Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as)
Julelegender:2019 – plakat Oslo. (Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as)
Julelegender:2019 – plakat Oslo. (Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as)
Julelegender:2019 – plakat Kristiansand. (Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as)
Julelegender:2019 – plakat Kristiansand. (Foto: Morten Berentsen. Form: The KIT as)

Meir i kategorien aktuelt