Julelegender i SAL 1, Odeon kino Sølvberget

Julelegender er juletradisjon – men i år blir det spesielt. Merk at me speler BARE i Stavanger! Oslo og Kristiansand blir kansellert fordi både Ansgarkapellet og Capella Johannea blir nedstengt. NB! I Stavanger flytter Julelegender til Sal 1 på kinoen på Sølvberget. Smitteverntiltaka er heilt under kontroll der – så me ønsker hjarteleg velkommen til ei skuldersenkande oppleving midt i stria!

>> eller ring Havanamagasinet, tlf 51 89 49 70 (Stavanger)

 

NB! Julelegender i Stavanger flytter til kinoen. Ja, me speler! :-)

Julelegender:2020 blir flytta til SAL 1, SØLVBERGET – sjølvaste "Filmteatret". Dette gjer me fordi kyrkjebenker ikkje blir rekna som fastmonterte og for å tilfredsstille gjeldande koronatiltak. Men kino er nettopp eit slikt sted som regjeringen peiker på som eigna til å ivareta alle koronatiltak, og på Sølvberget følgjer dei alle koronatiltak heilt systematisk. Og dette er ikkje dumt i det heile tatt! Denne salen har mykje historie for mange, og sjeldan blir det halde konsertar der. Det skal bli ekstra stas.

Dermed er alt klårt til å avduke årets Julelegender – i ein ærverdig sal frå 1924! Me gler oss!

Velkommen til Sal 1, Sølvberget!

--

NB! Forestillingar i Oslo og Kristiansand: kansellert.

Både Ansgarkapellet i Kristiansand og Majorstuen kirke / Capella Johannea i Oslo er nedstengt. Dermed blir diverre ikkje forestillingar spelt her i år.

 

--

Julelegender: bli litt som barn igjen

Julelegender:2020 er juletradisjon. I over 10 år har Kjell Inge fortalt, sunge og spelt – og publikum har komt, og komt, og delt opplevinga saman. Det handlar om å lytte, senke pulsen og kjenne gleda ved at nokon fortel deg ei god historie og syng fine songar attpå. Det er ei skuldersenkande og annleis oppleving. Og kvart år har han bydt publikum på ei ny legende og både ny og kjent musikk som høyrer jula til.

Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene. Og i Stavanger gjer julelegenderkunstnar Kjerstin Barkved sansane noko ekstra å sanse.

Tusen takk for både nydelig konsert, og rørende og humoristisk historiefortelling i Majorstuen Kirke.

I Stavanger, Kristiansand og Oslo

Kjell Inge og Aril kjem også i år til tre byar i landet for å fortelle og synge. Bli med – og bli litt som barn igjen. 

I Stavanger: I år blir det spesielt. Det er ei spesiell tid. Difor flytter me ut av vesle Bispekapellet [og opp i den flottaste trekyrkja i Stavanger: Hetlandskirka. Her er det godt med rom til å vere saman med god avstand. Til vanleg tar Hetlandskirka 500 – i år blir det 150.] Me flyttar forestillingen til Sal 1 i Odeon kino / Sølvberget!

I Kristiansand inntar Kjell Inge Torgersen Ansgarkapellet, eit vakkert utsmykka kapell utført av kunstnar Kjell Nupen. Me køyrer doble forestillingar, og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.

I Oslo besøker Kjell Inge Torgersen vakre Capella Johannea, som ligger i tårnfoten av Majorstuen kirke. Me køyrer doble forestillingar og berre halvparten så mange seter er tilgjengelege per konsert.

Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst". Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress. Du er en veldig god og medrivende forteller!

Speleplan

Kjell Inge Torgersen fortsetjer i år sin kritikarroste forteljingsserie i tre byar og legg ut heile 10 forestillingar.

Kristiansand
8. desember kl. 18 og 1930 • Ansgarkapellet

Oslo
9. desember kl. 18 og 1930 • Capella Johannea (Majorstuen kirke)

Stavanger
14. desember kl. 18 (PREMIERE!) • SAL 1 Odeon kino / Sølvberget, Stavanger sentrum
14. desember kl. 20
15. desember kl. 18
15. desember kl. 20
16. desember kl. 18
16. desember kl. 20

Ansgarkapellet tar 40 gjester per forestilling. 
Capella Johannea (Majorstuen kirke) tar 40 gjester per forestilling.
SAL 1 Odeon kino Sølvberget tar 175 gjester per forestilling (til vanlig 415)

Billettar – på papir

Til heile landet: Billettar kjøpast digitalt på Linticket.

Til Stavanger: Du kan óg kjøpe riktig forseggjorte, spesialtrykte billettar i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havanamagasinet i Stavanger sentrum. Du kan gjerne ringe dei på telefon: 51 89 49 70.

Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.

Befriende julestund med dristige tolkninger. (Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.)

Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant. (Moster Amfi.)

Meir i kategorien aktuelt