Kjell Inges Julelegender-kalender

Forestillingen "Julelegender" blei til nokre mørke desemberkveldar i Bispekapellet ved Stavanger Domkirke, i det Herrens år 2009. Gjennom heile desember i 2022 vil du kvar dag få fortsetjinga på den aller fyrste teksten eg fortalde: Legenden om julerosene.

 

Kos deg gjennom heile desember!

Følg "Kjell Inges Julelegender-kalender 2022" gjennom heile desember på FACEBOOK eller INSTAGRAM – eller YOUTUBE.

Selma Lagerlöf

Eg har nemleg børsta støvet av den aller fyrste teksten eg fortalde, i Bispekapellet i Stavanger, heilt tilbake i 2009 – «Legenden om Julerosene».

Eg fann denne teksten skjult mellom gamle pergamentrullar og papyrus i arkivet til Stavanger bibliotek, skriven på 1911-dansk. Eg omsette og forkorta han litt. «Julerosene» er skriven av sjølvaste Selma Lagerlöf, nobelprisvinnar i litteratur. Ein kan ikkje velje puslete tekstar når me starter på noko stort. Tidsmessig er historia plassert i Sverige på 1100-talet.

Støtte?

Sidan 2009 har eg fylt kvar desember med ein forestilling med ny tekst og ny musikk i kyrkjer og kapell, med berre to opphold: i 2017, for då gav eg ut «Mudderlys» – og altså nå i år, i 2022. Eg kjenner at eg treng ein pause etter pandemien. Men! Til deg som har fulgt meg gjennom alle desse årå – og til nye publikummarar: eg har likevel lyst til å gje dykk denne førjulsopplevinga. Og skulle du ha lyst til å vise støtte til prosjektet, kan du Vippse til "The KIT as" – vippsnummer 94139 – og det blir gledeleg mottatt. Men vit at du ikkje må, og at du kan tenkje på det som ein førjulsgave.

Tusen-og-ein takk til Fabel Media v/ Dani & Co for filming, redigering – og stort engasjement!

Og her er bakomfilmen!

Meir i kategorien aktuelt