Kjell Inge – med andre ord

Songar, tekstforfattar, komponist, innlesar, konferansier, kommunikatør. Kort sagt: formidlar.

Kjell Inge Torgersen har stått på ei scene gjennom store deler av livet sitt. Det er vanskeleg å setje eit tal på kor mange konsertar og opptredenar det har blitt; for Rikskonsertane gjorde han t.d. over 200 konsertar med serien «Musikkmat».

Det er kanskje som gjendiktar og songar han er mest kjent. Med albumet Aks av gull, har han nådd ut til heile landet med sine gjendiktingar av artisten Sting til nynorsk, og tittelsongen blir sunge både av han sjølv og av andre artistar. Gjennombrotet med eigne komposisjonar kom med "Eg fant ein ring", som blei A-lista på NRK P1 og var på eit tidspunkt den 6. mest spelte songen på radio.

Dei siste 10 åra har ei rekkje andre singlar også fått radiospeling: "Hud", "Samme sol", "Aks av gull", "Tidevatn", "Skjøre", "Fugl av fred" (duett med Ole Paus), "Hold meg, tål meg", "Dag blir natt" (duett med Jan Ingvar Toft), julesangen "Stjernenatt" (A-lista på NRK P1).

Booke til konsert?

Kjell Inge byr på heile seg i møtet med publikum. Etter ein konsert i Nedstrand, skreiv journalisten "Ei fantastisk oppleving" og let terningen falle på 6-eren. Ein konsert med Kjell Inge skal vere er ei heilaften – same kva tida er på dagen. Det er alltid målet.

Booking av Kjell Inge – til konsert? Som konferansier? Til tekstformidling? Som skribent eller til kurs i kreativ skriving? Ta kontakt her.

-----

Eit liv som artist (og sjølvstendig næringsdrivande) krevjer at ein må vere kreativ for å leve. Og nokre år også for å overleve. Pandemi, anyone? Kjell Inge arbeider både innan kultur, sang og musikk – og innan kommunikasjon og reklame. Blir det sprik? Eller finst det fellestrekk mellom idé- og kommunikasjonsoppdrag og kultur?
 

Det handlar om formidling

Verksemda til Kjell Inge tar han i mange retningar, men når alt kjem til alt, kokar det heile ned til eitt fellestrekk som han heile tida arbeider rundt: formidling. Det handlar om formidling av innhald – av det som treff hjernene og rører hjartene. Som formidlar skriv han songar og tekstar, han les høgt og framfører tekst, han gir stemme til reklamespotar og les gjerne inn lydbøker. Han skriv óg korte og lengre manus og reklametekstar, og han likar seg like godt på nynorsk som på bokmål. Engelsk skriv og snakkar han på morsmålsnivå. Han gjer òg formgjeving av både bokomslag, bøker, plakater og etikettar.

I fleire omgangar har Kjell Inge tilbode skrivekurs, kor djupdykk i tekst og nærlesing står i sentrum.

Skrivekurs med Kjell Inge

Skrivekurs med Kjell Inge 

… ja, og så elskar han brettspel. Han starta brettspel-nettbutikken «Spillskrinet» i år 2000 saman med to venner, og sjølv har han ei samling på godt over 200 titlar. Saman med Sandviks Bokforlag fekk han gleda av å lage brettspelet «Med nebb og klør». Dette brettspelet hadde som formål å formidle faktakunnskap til born mellom 3 og 7 år. Ved sist teljing hadde dei trykt opp over 75.000 eksemplar av dette spelet, på fire forskjellige språk.
 

Sjølvstendig, men ikkje sjølv

Heilt sidan 2003 har Kjell Inge vore sjølvstendig næringsdrivande, og alltid har han vore omgitt av gode folk som har hjulpe han og som han har samarbeidd med. Etter å ha jobba i reklamebyråa Fasett og Melvær&Lien i Stavanger i nokre år, kjentes det som ei indre trang til å satse meir på musikken. Først ba Kjell Inge om å få gå ned i stilling – og eit halv år seinare blei det heile plutseleg litt enklare då byrået brått måtte nedskalere drifta, og Kjell Inge var ein av fleire som blei oppsagt. Grip dagen, grip sjansen, berre gjer det. Og då var det at nye kollega Frode Isachsen gav Kjell Inge gnisten til å tørre å ta steget heilt ut som «frivillig næringsdrivande».

Nå har Kjell Inge til dagleg kontor i det kreative fellesskapet «Tinfabrikken» i Stavanger, kor han óg ber hatten som dagleg leiar. Tinfabrikken kjøpte han saman med Karl-Dag Kjosavik, Kurt Bjerga og Dag Kjosavik i 2014. Aril Schøld og Ådne Sæverud kom med på eigarsida etter kvart. Og det er med Aril Schøld han har gjeve ut både Aks av gull og fleire andre album. Dette samarbeidet går heilt tilbake til bandet «Rav» som hadde storheitstida si på '90-talet. Her tok Kjell Inge over som frontfigur etter Odd Erik Ognedal – som sjølv skulle starte opp Elle Melle.
 

The KIT as

Gjennom sitt eige kreatørselskap The KIT as (K-I-T … tog du 'an?) har han sett opp og produsert ei rekke sceneforestillingar og gitt ut musikkalbum. Per 2022 har Kjell Inge gitt ut 6 musikkalbum under eige namn. Det siste albumet «Aks av gull – i symfoni» er eit livealbum innspilt saman med Stavanger Symfoniorkester, som ei feiring av 15 år med Aks av gull. Singelen var nye «Hjarta i mitt bryst» (Shape of my heart).

Kjell Inge er nå 100 % tilsett i Employ, kor også The KIT as er medeigar. The KIT er òg medeigar i Lifesound og i Stavanger Tinfabrik as.

Gjennom The KIT as gjer han mange idé- og kommunikasjonsoppdrag. Han held gjerne foredrag, som dette:

Foredrag om formidling med Kjell Inge

 

 

Kort om albumutgjevingar

Aks av gull – i symfoni: «Storslått! Stemmen, orkesteret, materialet – alt henger ypperlig sammen og flyter sammen i den nødvendige enheten.» (Stavanger Aftenblad)

Julelegender – Den blå karfunkel: Ei musikksett lydbok. «Torgersen er en fabelaktig god forteller. Han er engasjerende, passe dramatisk, har god timing og fortellingen legger seg veldig godt i ørene. Knallgodt framført, fin fortelling og andaktsfulle avbrudd med musikk.» (Stavanger Aftenblad)

Mudderlys: Hamar Arbeiderblad: "Tekststerkt på stavangersk." Stavanger Aftenblad gav terningkast 5 og skreiv: «Sammen skaper de noe på siden av det du vanligvis hører. Og dette er noe jeg aldri trodde jeg skulle si: Spill Kjell Inge Torgersen høyt!»

Julelegender: Oppland Arbeiderblad skreiv: «Og du verden hvor flott det låter når Torgersen synger 'Song om jul' i stedet for 'Christmas song'".

Gnist: VG skreiv: "Innsmigrende overbevisning og varme.". Bergens Tidende: "Unik tilstedeværelse. Kjell Inge Torgersen gir norsk visepop et betydelig tilskudd med Gnist."

Aks av gull:  Bergensavisen: ”For ikke bare er Torgersens tolkninger gjennomført smakfulle, han tilfører også noe av dette materialet en ny dimensjon.” Rogalands avis, terningkast 5: ”Forbløffende bra”. Trønderavisa, terningkast 5: ”Ei spennende plate”.

Januar/februar 2019 blei Stavangerensemblet-klassikaren "Kan 'kje finna fingen" (Svein Tang Wa) gitt ut i ny drakt. Du finn meir under Musikk.

 

    Stipend

    2008 Rogaland Fylkeskommunes kulturstipend
    2010 Tekstforfatterfondets arbeidsstipend
    2013 Tekstforfatterfondets arbeidsstipend
    2018 Tekstforfatterfondets arbeidsstipend
    2020 Komponistenes vederlagsfond arbeidsstipend

     

    Medlemsskap

    Medlem i NOPA siden 2014. Forøvrig medlem av Tono, Gramo og Gramart.
     

    Kurs og utdanning

    • Tatt opp ved og gjennomført Skrivekunstakademiet i Bergen sitt sommarkurs
    • Cand.mag. innan humanistiske fag, med hovudvekt på engelsk språk og litteratur. Har desse faga i fagkrinsen: norsk, engelsk, filosofi, kristendom og religion
    • Pedagogikk (ppu, første del)

     

    Litt musikalsk historie

    Kjell Inge har deltatt her:

    • Kvelden før Kvelden (NRK)
    • Beat for Beat
    • Den NRK-sendte konserten "Aks av gull – Kjell Inge Torgersen på Utstein kloster" (NRK-sendt konsert)
    • God Morgen, Norge (Aks av gull + Julelegender)
    • Julekonsert fra Oslo konserthus til inntekt for Frelsesarmeen, under programleiing av Trond-Viggo Torgersen (ikkje slektskap!)
    • På Manfred Mann's "Lone Arranger"
    • "Himmeldraumen" med prosjektkor Via Vitae, som tekstformidlar.
    • "Skrik og nåde", nyskriven musikk til Oftedaljubileet 2016. Saman med Rogaland Teater.
    • Stjerner i sikte (vinnar, TV2, 1996)
    • International Soundmix Show, Amsterdam (internasjonal 3. plass, TV2, 1997)

    Nokre konsertstader

    • Oslo / Smuget
    • Oslo / Herr Nilsen (Lanseringskonsert Gnist)
    • Oslo / Majorstuen kirke (Julelegender)
    • Bergen (Fjell) / Vestkystfestivalen
    • Helsingør (Danmark), Dutrupgaardfestivalen
    • USA / Norwegian-American societies (turne, 2015)
    • Nablus, Palestina / kulturfestival (2016)
    • Aurland / Dei Nynorske Litteraturdagane
    • Bryne / Storstova (Åpningskonsert Jærnåttå)
    • Bømlo / Kulturhuset
    • Drammen / Drammens Teater
    • Egersund / Egersund Visefestival
    • Elverum / Festspillene I Elverum
    • Finnøy / Hesby Kirke, Tomatfestivalen
    • Fredrikstad / Oase
    • Horten / Felleskonsert med Ole Paus
    • Kristiansand / Julekonsert med Maria Arredondo og Torstein Sødal
    • Lillehammer / Nordre Ål Kirke
    • Lund / Dalane Kulturfestival, Heskestad Kyrkje. En del av Stavanger2008-prosjektet.
    • Nes, Romerike / Nes Kulturhus (Elvefestivalen, åpningskonsert)
    • Nøtterøy / Kulturhuset
    • Sandefjord / Verdensteateret
    • Seljord / Granvin kulturhus
    • Sirdal / Konsert Sirdal kulturhus
    • Ulvik / Poesifestivalen I Ulvik
    • Vassøy / Galleriblaa
    • Volda / Dei Nynorske Festspela, med Ole Paus
    • Ål / Kulturhuset
    • Stavanger / Havnetunnelen. Releasekonsert ”Gnist”
    • Stavanger / Tou Scene. Releasekonsert ”Aks Av Gull”
    • Stavanger / Stavanger Konserthus (Frelsesarmeens Julekonsert)
    • Stavanger / For fredsprisvinnar Wengari Maathai
    • Stavanger: Åpning av nytt oljeselskap i Norge: Faroe Petroleum (Færøyene Petroleum).
    • Sandnes / Ivar Skei, Sandnes. Minikonsert Og Signering
    • Sola / Sola Ruinkyrkje

    Konserter med brassband og janitsjar:

    • Stavanger Brassband
    • Stavanger musikkorps av 1919, 6 egne arrangement, nyskrivne
    • Sola Brass Band, 6 egne arrangement, nyskrivne
    • Fagernes musikkorps, under leiing av Philip Hannevik
    • Musikkorpset Gjallarhorn
    • Jernbanens musikkorps

    Eldre greier

    • b e r g – elektropop, ep (2000, ikkje utgitt)
    • Vokal og frontfigur i RAV (1995-1998)
    • Vokal og solist Stavanger Gospelkor:
      • A touch from up above (CD, 1994)
      • Changemaker (CD, 1993)
    • MaiJazz '97: Gjesteartist med Sandvika Storband (SSB)
    • Moster (kirkens 1000-års jubileum) (1995), Stavanger Gospelkor og RAV
    • Opstand-festivalen, Danmark (1995), Stavanger Gospelkor
    • Oslo Spectrum (1994), Stavanger Gospelkor
    • Globen, Stockholm, (1994) Stavanger Gospelkor
    • Konsert på Utrecht fotballstadium, Holland (1994), Stavanger Gospelkor
    • NRK: Ivar Dyrhaugs "Rett Hjem" (1994), Stavanger Gospelkor
    • NRK: Momarkedet 94, Stavanger Gospelkor
    • NRK: Momarkedet 94, korist hele sendingen
    • TVNorge: Casino (1994), Stavanger Gospelkor
    • Stavanger Brass Band, gjesteartist i Stavanger Konserthus (1998)
    • Musikkorpset Gjallarhorn, gjesteartist 50-års-jubileum (1998)

     

     

    Fleire anmeldingar